Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Senioringeniør i fiskefysiologi / havbruksbiologi

Søknadsfrist: 28.07.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Senioringeniør i fiskefysiologi/havbruksbiologi

Ved Institutt for biovitenskap (BIO) er det ledig ei fast stilling som senioringeniør i fiskefysiologi og havbruksbiologi. Stillinga er knytt til NFR prosjektet ‘Sulfatfjerning i RAS ved bruk av membranfiltreringsteknologi’ i forskingsgruppa Marin utviklingsbiologi.

Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til stillinga som senioringeniør, kan det bli aktuelt å tilsetje i stilling som overingeniør. Krav til kvalifikasjonar og praksis vert då reduserte.

Norsk oppdrettsnæring har vært i rask utvikling dei siste 40 åra, og er i dag verdsleiande i oppdrett av laks og aure. Frå politisk hold er det ein forutsetning at all vekst skjer innanfor ei berekraftig ramme og er i tråd med berekraft mål nr. 12 hos FN. Det er likevel ein voksande bekymring for næringa sitt økologiske fotavtrykk. Dette er knytt til forhold som lakselus, sjukdom, rømming, eutrofiering og dødelegheit hos smolt og stor laks i sjøanlegg. Ein direkte konsekvens av denne utfordringa er at næringa no utviklar nye driftsformer og strategiar. Ei løysing er å ta i bruk ny resirkuleringsteknologi (RAS) for å produsera større smolt og som inneber ei strategisk omlegging av produksjonen frå 100 g smolt til postsmolt med størrelse på inntil 500 g. Dagens RAS-anlegg er teknisk avanserte og set nye krav til oppdrettar for å sikre optimal vatnkvalitet for fisken. Sentrale tekniske prosessar som må handterast er partikkel og CO2 fjerning, biofilter og oksygen tilsetning system. Felles for desse er at effektiviteten til utstyret blir påverka av produksjonsforhold som biomasse, smoltkvalitet, fôrkvalitet, appetitt, miljø (lys og temperatur), og vatnkvalitet (CO2, O2, TAN etc). Dette gjeld spesielt ved bruk av brakkvatn (5-12 ppt) og som har resultert i danning av giftig hydrogensulfid (H2S) med påfølgande utfordring for fisken. I dette prosjektet vil vi adressere desse utfordringane, og generere ny forskingsbasert kunnskap om bruk av brakkvatn i intensiv produksjon av postsmolt i RAS.

Forskingsgruppa Marin utviklingsbiologi har rundt 20 personar i arbeid fordelt på faste vitskapelege stillingar, postdoktor-, doktorgradsstillingar og tekniske stillingar innan fagområda fysiologi og anatomi. Gruppa si forsking er prosjektbasert, og aktivitetane varierer over tid. Dei siste åra har aktivitetane i hovudsak vore knytt til forsking på laksefisk, men andre akvakulturartar har og vore aktuelle. For oversikt over pågåande prosjekt, sjå BIO-websida www.uib.no/bio.

Kandidaten vil inngå i eit FoU team som skal kartleggje interaksjonseffektar mellom vatnkvalitet og miljø med omsyn til fysiologisk respons, fôrinntak, tilvekst, immunologi og velferd hos postsmolt av laks i intensiv RAS og i lukka oppdrettsanlegg i sjø.

Aktuelle arbeidsoppgåver

  • Planleggje, styre og følgje opp daglege aktivitetar i ulike forskingsprosjekt, inkludert felt- og laboratoriearbeid, rapportskriving og dataanalyse.
  • Leie laboratoriearbeid inkludert HMS-aktivitetar, innkjøp av materiell, gjennomføring av laboratorieoppgåver, prøvehandtering, utvikling av protokoller og rapportering til ansvarleg forskar.
  • Planleggje og gjennomføre eksperimentelt arbeid i felt; inkludert forberedande arbeid og prøvetaking av biologisk materiale.
  • Assistere i undervisning og oppfølging av studentar (MS og PhD), spesielt relatert til felt- og laboratoriekurs.
  • Utvikling og oppfølging av rutinar og protokollar i felt- og laboratoriekurs

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i biologi, molekylærbiologi, fysiologi eller endokrinologi.
  • Godkjent kurs i laboratoriedyr, fiskemodul er eit krav.
  • Brei erfaring frå eksperimentelt arbeid med forskjellige akvakulturartar er ein føremon.
  • Søkjarar må ha god kunnskap om molekylærbiologiske metodar, spesielt RNA og DNA isolasjon, analysar av genuttrykk (qPCR) og erfaring med bruk av avanserte automatiserte laboratorierobotar for pipetering og reinsing av RNA/DNA.
  • Erfaring med enzymaktivitetsanalysar og immunoassay metodar (ELISA) er ein føremon.
  • Erfaring med laboratoriehandtering og kjennskap til sikkerheit arbeid (HMS-aktivitetar, innkjøp, prøvehandsaming etc.) er ein føremon.
  • Kunnskap om havbruksnæringa er ein føremon.
  • Erfaring med opplæring av studentar (laboratoriearbeid, statistikk, gjennomlesing av prosjekt rapport osv.) er ein føremon.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å jobbe sjølvstendig og nøyaktig i felt og på laboratoriet.
  • Erfaring og interesse for å jobbe med prosjektbasert forsking innan havbruk.
  • Evne til å jobbe i et team og ha gode samarbeidsevner
  • Evne og vilje til å lære og utvikle nye laboratorieteknikkar
  • Gode ferdigheiter i norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg

Vi kan tilby

  • spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit internasjonalt anerkjent fagmiljø
  • moglegheit til fagleg og personleg utvikling og utstrekt kontakt med andre fagmiljø
  • arbeid i ei fagleg god og sosialt vel fungerande faggruppe
  • stilling som senioringeniør (kode 1181) lønssteg 58-66 (for tida kr 513 600 – kr 594 400) i det statlege lønsregulativet, alternativt stilling som overingeniør (kode 1087) vert løna etter lønssteg 53-58 etter tenesteansiennitet og kvalifikasjonar (for tida kr 472 000- kr 513 600). For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • eit kort motivasjonsbrev som viser korleis kandidaten sin kompetanse og interesser passer med utlysinga.
  • CV
  • namn og kontaktinformasjon til to referansar.
  • relevante vitnemål og attestar
  • relevante sertifikat
  • liste over vitenskaplege bidrag

Søknaden og vedlegg med sertifisert oversetning til engelsk eller et skandinavisk språk må lastas opp på JobbNorge.

Generelt for tekniske stillingar ved Institutt for biovitenskap

  • Arbeidsoppgåvene for stillinga vil kunne endre seg over tid, etter behovet til instituttet. Den som blir tilsett, må ha evne og vilje til å tilpasse seg nye arbeidsoppgåver, kunne arbeide sjølvstendig og fungere godt i teamarbeid. Alle tilsette i tekniske stillingar vil kunne få ansvar for drift og fellesoppgåver ved instituttet, særleg knytt til laboratoriedrift, undervisning og HMS.
  • Ved instituttet er det etablert ei ordning med beredskapsvakt. Den som blir tilsett må vere forberedt på å delta i vaktlaget for beredskapsvakt.
  • I periodar må det påreknast å arbeide i helger og utanom normal arbeidstid.
  • Stillinga vil innebere arbeid med kjemikaliar og eventuelt dyr.
  • Kandidatar med erfaring frå tekniske stillingar, eller som viser klar motivasjon for ein slik karriereveg, blir føretrekte.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Sigurd Handeland, Sigurd.Handeland@uib.no, Telefonnummer: +47 97179607)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS