LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Senioringeniør / overingeniør - Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist: 07.03.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Senioringeniør/overingeniør

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei fast stilling som senioringeniør (100 %, statistikar/bioinformatiker). Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med senioringeniørkompetanse, kan det verte aktuelt å tilsetje overingeniør. Stillinga vil vere knytt til kjernefasiliteten i biostatistikk og dataanalyse (BIOS).

BIOS er ein av sju kjernefasilitetar ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen som er etablert for å oppnå best mogleg kvalitet på forsking basert på tilgjengelege ressursar. Hovudoppgåva til BIOS er å hjelpe forskarar internt ved Universitetet i Bergen og andre forskingsinstitusjonar med biostatistisk prosjektstøtte.

BIOS er ein del av fagområde for epidemiologi og medisinsk statistikk (EPISTAT) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin og har i dag sju statistikarar/bioinformatikarar (6 årsverk) i overingeniør- og senioringeniørstillingar og ei administrativ stilling. I tillegg har fagområdet EPISTAT fem professorar og ein førsteamanuensis (3.9 årsverk) i medisinsk statistikk. Ein stor del av prosjekta BIOS er involvert i er prosjekt som bruker data frå ulike helseregistre og større helseundersøkingar, men vi bidrar også med prosjektstøtte i kliniske studiar og intervensjonsstudiar.

Arbeidsoppgåver:

  • hjelpe til med studiedesign, tilrettelegging av data, statistisk rettleiing og statistiske analyser i ulike forskingsprosjekt. Prosjekta vil i hovudsak vere knytt til ulike forskingsgrupper og sentre ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen, men det vil også vere enkelte prosjekt knytt til andre forskingsinstitusjonar
  • vere med å utvikle og holde kurs og workshops innanfor spesielle metodefelt i biostatistikk og bioinformatikk
  • metodeutvikling og avansert databehandling innanfor genetisk statistikk og registerepidemiologi

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha mastergrad i matematisk statistikk eller mastergrad i kjemometri, økonometri, aktuarutdanning, bioinformatikk eller tilsvarande metodebakgrunn med dokumentert kompetanse i statistikk
  • relevant doktorgrad vil verte vektlagt, men er ikkje eit krav for stillinga
  • søkjar må kunne nytte og drive utviklingsarbeid i statistiske program (R, STATA eller SAS)
  • søkjar må kunne setje seg inn i nye relevante statistiske metodar
  • omfattande relevant praksis er eit krav for stilling som senioringeniør. Dersom ingen søkjarar med omfattande erfaring melder seg kan det vere aktuelt å tilsette ein person med relevant mastergrad i overingeniørstilling
  • det er ønskjeleg med erfaring frå medisinsk forsking, særleg innanfor registerepidemiologi, farmakoepidemiologi, genetikk og kliniske studiar
  • gode språkkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk og engelsk er eit krav

Vi søkjer ein person som

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • har evne til å arbeide sjølvstendig og likar å drive problemløysing
  • er serviceinnstilt, imøtekommande og leverer til avtalt tid

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • for stilling som senioringeniør (kode 1181) i lønssteg 58-62 (for tida kr 516 400 - 555 800). For stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53-57 (for tida kr 474 500 - 507 400). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS