LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskingsdatakoordinator (overingeniør / senioringeniør) - Det samfunnsvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 28.09.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskingsdatakoordinator (overingeniør/senioringeniør)

Ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, Universitetet i Bergen, er det ledig ei fast stilling som forskingsdatakoordinator (overingeniør/senioringeniør) ved forskingsinfrastrukturen Digital samfunnsvitskapleg kjernefasilitet (DIGSSCORE). Stillinga passar godt for søkjarar som har erfaring med forskingsdata og som ønskjer å arbeide tett på og bidra til nyskapande samfunnsvitskapeleg og tverrfagleg forsking av høg kvalitet.

DIGSSCORE er ein infrastruktur for digital innsamling av surveydata om samfunn og politikk. Norsk medborgerpanel, ein hovudkomponent av DIGSSCORE, har blitt sendt ut til eit representativ utval av busette i Noreg fleire gongar i året sidan 2013, og har bidratt til mange prosjekt og publikasjonar på høgt nivå. I tillegg driftar DIGSSCORE Medborgerlaben, og fleire onlinepanel er under utvikling. Datakoordinator ved DIGSSCORE har ansvar for at undersøkingane vert gjennomført på eit høgt vitskapleg nivå, og for å koordinere dei deltakande forskarane. Datakoordinator jobbar slik tett på forsking og bidreg til metodisk utvikling, og til å lage store mengdar forskingsdata.

Forskingsprosjekta som nyttar data i Medborgerpanelet er i dag organisert i fire-fem tematiske einingar der forskarar samarbeider på tvers av fag og institusjonar. Desse einingane fokuserer på klima og miljø; migrasjon og inkludering; lokaldemokrati og reformer; helseforsking og samfunnsfagleg grunnforsking på demokrati og åtferd.

DIGSSCORE er organisert under Institutt for politikk og forvalting ved SV-fakultetet og har fagleg samarbeid med dei fleste fakultet ved UiB, med universitet og forskingsinstitutt i heile Noreg og internasjonalt med forskarar ved nokre av verdas beste universitet. Forskingsdatakoordinator skal arbeide tett med og rapportere til vitskapleg og administrativ leiing ved DIGSSCORE. Stillinga er formelt lagt til fellesadministrasjonen for Politikk og forvalting, Samanliknande politikk og Sosiologi med administrasjonssjefen som personalansvarleg. Den som har stillinga er venta å ha arbeidsstaden sin i Bergen.

Arbeidsoppgåver:

Hovudansvar for å koordinere datainnsamling i forskingsinfrastrukturen DIGSSCORE.

Dette inneber mellom anna å:

  • Førebu, koordinere og legge til rette for innsamling av forskingsdata for alle forskingseiningane og eksternfinansierte prosjekt som nyttar DIGSSCORE
  • Overordna surveydesign
  • Koordinere og bidra til pilotering/brukartesting av undersøkingar
  • Sjå til at personvern og datasikkerheit er godt ivaretatt i alle ledd av datainnsamling
  • Delta i og følgje opp avgjersler i møter i vitskaplege komitear
  • Koordinere eksperiment i Medborgerlaben
  • Koordinere og legge til rette for utlevering og bruk av data
  • Utvikle og oppretthalde rutinar, retningslinjer og kvalitetssikring
  1. Bidra til formidling av data og resultat til deltakarar i panela, særskilde målgrupper og samfunnet generelt.
  2. Nettsidearbeid
  3. Bidra til dagleg drift på DIGSSCORE: Arrangement, nettsidearbeid, god informasjonsflyt, godt arbeidsmiljø etc.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha utdanning på minimum mastergradsnivå. Ph.d.-grad og/eller forskingserfaring vil vere ein føremon dersom graden/forskingserfaringa er knytt til innsamling eller handsaming av surveydata eller tilsvarande.
  • Søkjarar med relevant doktorgrad eller minimum 5 års relevant arbeidserfaring kan kvalifisere til senioringeniørstilling
  • Erfaring og utdanning innanfor arbeids - og ansvarsområde til stillinga vil bli vektlagt. Dette gjeld særskilt erfaring med statistisk analyse og/eller innsamling av surveydata.
  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk er eit krav
  • Formidlingserfaring er ein føremon
  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver i eit fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Årsløn som overingeniør frå kr.490000 – 530000 ut frå kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn (årsløn frå 540000 – 610000) og tittel som senioringeniør vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida. Søknaden skal innehalde: Søknadsbrev, CV, vitnemål, attestar og referansar.

Søknadsfrist: 28.09.2022.

Søknaden skal merkast: 2022/13526

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjon som ligge føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.Søknadar på e-post vil ikkje verte vurderte.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For utfyllande informasjon om DIGSSCORE kan du gå på våre nettsider:

  1. for å lære meir om forskinga ved DIGSSCORE og
  2. for å lese meir om Norsk medborgerpanel og bruk av Norsk medborgerpanel i formidling og forsking.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS