LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Teamleiar - Digital infrastruktur og tenester for forsking

Søknadsfrist: 29.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deira informasjonskompetanse. Tverrfaglege satsingar, teknologiske moglegheiter og verktøy, samt endring i vitskapeleg kommunikasjon og publiseringsmønster skaper etterspørsel etter nye typar av tenester frå UB. Openheit, transparens og deling av kunnskap er grunnleggande for Universitetet i Bergen. UB har sentrale oppgåver knytt til mål om open vitskap. Les meir om UB her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga:

Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig ei fast stilling som teamleiar (fagleg leiar) for digital utvikling (senioringeniør 1181) i 100 % stilling. Stillinga er knytt til Seksjon for utdannings- og forskingsstøtte.

Faggruppa består av ca 15 tilsette og er særleg knytt til digital forskingsinfrastruktur og open vitskap. Den digitale infrastrukturen er viktig for forsking, formidling og undervisning ved Universitetet i Bergen. Den nyttas også av offentleg forvaltning, skuleverket og allmennheita. I samarbeid med fagmiljøa utviklar og driftar faggruppa tenester og løysningar for kulturhistoriske samlingar, språkteknologi, tekstarkiv og vitskapleg publisering. Faggruppa bidrar i utvikling av Digital Lab som ein fysisk og digital møteplass for forskjellige disiplinar.

Vi er opptatt av:

  • Innovative løysingar, kontinuerlege og berekraftige leveransar
  • Brukarperspektivet, og jobbar tett med fagmiljøa om design, utvikling og drift av løysningar og bruk av tenester

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for å leie faggruppa digital utvikling.
  • Ansvar for å utvikle og forvalte digitale forskingsinfrastrukturar og tenester.
  • Legge til rette for gode brukarmedverkingsprosessar i utvikling av tenestene.
  • Inngå i leiargruppa i seksjonen.
  • Fremme eit sterkt fagleg og sosialt miljø.
  • Bidra til arbeid med kvalitet og sikkerheit av tenestene.
  • Delta i prosjekt og samarbeid på tvers lokalt ved UB, UiB, nasjonalt og internasjonalt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad innan IKT-relaterte fag. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Leiingserfaring vert vektlagt.
  • God evne til å lytte og motivere medarbeidarar.
  • Erfaring innan programmering, systemutvikling og UX-design vert vektlagt.
  • Erfaring med prosjektarbeid vert vektlagt.
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk (el. skandinaviske språk) og engelsk.

Eigenskapar

  • Nysgjerrig, god på å skaffe deg oversikt og sjå heilheit.
  • Inkluderande, sosial og med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Strukturert og fleksibel.
  • Med gode evner til å lede teamarbeid og til å prioritere og drive prosessar.

Ved vurdering av søkjarane vil det verte lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB.
  • Løn som senioringeniør (kode 1181) etter lønssteg 65 - 75. Dette utgjer for tida kr. 594 300 - kr. 715 900 etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Karin Rydving, tlf. 55 58 88 40 eller mob. 48 29 97 21, epost karin.rydving@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS