Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Vitskapleg assistent (20 %) i maleri/teikning
Ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst er det ledig ei mellombels 20 % stilling som vitskapleg assistent for to år knytt til fokusområdet maleri/teikning.
Vi søker etter ein vitskapleg assistent som i hovudssak vil ha oppgåver knytt til styrking av fokusområdet skulptur og installasjon. Assistenten vil få delta i ei spennande fase for fokusområdet og inngå i eit dynamisk forskingsmiljø og få gode utviklingsmoglegheiter.
Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den faglege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i kunstnarleg utviklingsarbeid og metode. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.
Arbeidsoppgåver:
Administrere lokaler og materiale, kjøp og salg i fokusområdets faglege virke
Undervise studentar i fokusområdet og andre relaterte kunstnarlege teknikkar
Bidra til ei vidareutvikling av studietilbodet i skulptur og installasjon og i området sine støttefunksjoner
Ha kjennskap til relevante emner som er aktuelle og viktig for KMD si utvikling på feltet
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Mastergrad, fortrinnsvis innan relevant tematikk for fokusområdet
God språkkunnskap og formuleringsevne i engelsk, munnleg og skriftlig
Arbeide sjølvstendig, vere ansvarsbevisst og fleksibel
Vere serviceinnstilt og imøtekommande
Ha gode samarbeidsevner og ei strukturert arbeidsform
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
Løn som vitenskapeleg assistent (kode 1020) etter lønssteg 42 - 47 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 407 900 - 439 900 brutto i fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Liste over kunstnarlege produksjonar som har relevans for stillinga
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Instituttleiar Frans Jacobi, e-post: Frans.Jacobi@uib.no eller telefonnr. +47 55 58 74 88
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.