Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Postdoktorstilling i psykolingvistikk / nevrolingvistikk
Søknadsfrist: 27.03.2021
Publisert
Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) er eit senter for framifrå forsking (SFF) under Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) ved Det humanistiske fakultet. Senteret har også status som eitt av fem verdsleiande miljø ved Universitetet i Oslo, og har bygd opp eit sosiokognitivt språklaboratorium. MultiLing sitt mål er å bidra med kunnskap om fleirspråklegheit hjå individet og i samfunnet i eit livsløpsperspektiv, og gjennom det belyse dei moglegheitene og utfordringane fleirspråklegheit representerer for individet i familien, skulen, andre institusjonar, og i samfunnet som heilskap. Staben består av 40 tilsette frå 15 forskjellige land. MultiLing har i tillegg eit stort nettverk av nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar som arbeider med fleirspråklegheit ved ei rekke forskingsinstitusjonar.
Den utvalde kandidaten vil arbeide tett med Valantis Fyndanis (prosjektleiar) på ein eller fleire studiar som utforskar verb-relatert morfosyntaktisk prosessering i personar med afasi og/eller nevrologisk friske individ med fokus på eitt eller fleire språk som er involverte i Machine Learning Aphasia-prosjektet (dvs. norsk, gresk, italiensk, russisk, engelsk)
Det er forventa at søkjaren presenterer eit framlegg til eit uavhengig forskingsprosjekt innan morfosyntaktisk prosessering. Vi er særleg interesserte i prosjekt relaterte til online- prosessering av tid og/eller aspekt i eitt (eller fleire) av språka som er involverte i prosjektet. Likevel vil prosjekt som fokuserer på andre verb-relaterte morfosyntaktiske/morfosemantiske fenomen bli vurderte.
Den utvalde kandidaten vil ha tilgang til MultiLing sin sosiokognitive lab, som tilbyr framifrå test-fasilitetar, inkludert blikksporar (eye-tracking), eit EEG-system og video og lydopptak. Meir informasjon om fasilitetar og utstyr er tilgjengeleg her.
Tilsettinga gjeld for ein periode på to år, med oppstart september 2021. Postdoktorstillingar har som hovudmål å kvalifisere for arbeid i vitskapelege toppstillingar i det relevante forskingsområdet.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Ved vurdering av søknadane vil det leggast vekt på kvaliteten til prosjektskildringa og relevansen i høve til Machine Learning Aphasia-prosjektet. Vi søkjer sterkt motiverte, kompetente kandidatar med høge akademiske kvalifikasjonar innan det relevante forskingsområdet.
Kvalifikasjonar
Kandidatane bør ha ein doktorgrad eller tilsvarande innan psykolingvistikk/nevrolingvistikk eller i kognitiv psykologi/nevropsykologi
Doktoravhandlinga må ha vore levert inn til vurdering før søknadsfristen
Avansert statistisk kjennskap/ferdigheiter
Framifrå skriftleg og munnleg kompetanse i engelsk
For søkarar som ikkje har disputert er det eit krav at doktorgradsarbeidet er levert til vurdering før søknadsfristens utløp. Det er eit krav for tiltreding i postdoktorstillinga at disputasen er godkjent.
I evalueringa av søknadane vil følgande bli vektlagt:
Den vitskaplege verdien til prosjektet, relevansen i høve til forsking og innovasjon
Søkjaren si internasjonale erfaring og nettverk med relevans til prosjektet
Søkjaren sine akademiske og personlige kvalifikasjoner for å fullføre prosjektet på normert tid
Gode evner til samarbeid og til å gå inn i faglege fellesskap på tvers av disiplinar, som eit aktivt medlem av prosjektgruppa til Machine Learning Aphasia
Personlege føresetnader og motivasjon for stillinga
Ein fordel, men ikkje eit krav er:
Tidlegare publisert arbeid på online-prosessering av tidsreferanse/tid eller aspekt
Erfaring med blikksporar (eye-tracking) og/eller EEG
Tidlegare postdoktor-forskingserfaring
Erfaring med testing av individ med afasi
Vi tilbyr
Løn mellom kr 526 000 – 608 200 (per år avhengig av kompetanse)
Søkjarar må levere følgjande vedlegg saman med den elektroniske søknaden, helst i pdf-format:
Søknadsbrev som skildrar søkjaren sine kvalifikasjonar og motivasjon for stillinga, og ei utdjuping på korleis prosjektforslaget er relatert til Machine Learning Aphasia-prosjektet (maks 2 sider)
Curriculum Vitae (ei fullstendig liste over utdanning, tilsettingar, undervisningserfaring, administrativ erfaring og andre kvalifiserande aktivitetar, og ei fullstendig liste over publikasjonar)
Prosjektskildring som inkluderer ein detaljert framstegsplan for prosjektet (3-5 sider, sjå Mal for prosjektskildring)
Ver venleg å merke at alle dokument må vere på engelsk.
Publikasjonar, masteroppgåver eller doktoravhandlingar og liknande skal ikkje leverast med søknaden, men søkjarar kan bli spurde om å levere denne type informasjon eller arbeid på eit seinare tidspunkt.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju på Universitetet i Oslo, eller digitalt via Skype/Zoom.
Ingen kan vere tilsett som postdoktorstipendiat i meir enn ein periode ved Universitetet i Oslo.
Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli ffentleggjorte sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.
I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
For spørsmål om stillinga:
Forskar ved MultiLing Valantis Fyndanis (Machine Learning Aphasia-prosjektleiar):E-post: valantis.fyndanis@iln.uio.no