LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Prosjektkoordinator (universitetslektor) - - digital undervisning

Søknadsfrist: 05.12.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Prosjektkoordinator (universitetslektor) - digital undervisning 

Vil du jobbe med design av digital undervisning og har bakgrunn i norsk som andrespråk? Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium er det ledig ei 50 % stilling i 6 månader med moglegheit for forlenging som prosjektkoordinator for oppretting, redesign og fornying av vidareutdanningstilbodet Prisme – norsk som andrespråk. Prosjektkoordinatoren skal legge til rette for og planlegge arbeidet med å fornye tilbodet og forbetre studentopplevinga. Prosjektkoordinatoren vil samarbeide tett med fagmiljøet på instituttet, prosjektleiar og med UiB sin læringslab som er lokalisert på Media City Bergen. Det er ønskeleg med oppstart i februar 2024.

Arbeidsoppgåver:

  • Koordinere produksjon av digitalt læringsmateriale med vekt på studentaktiv læring og brukarorientert design. 
  • Koordinere revisjonsarbeidet og utviklinga av nytt læringsinnhald for tilbodet.
  • Legge til rette innhald for læringsplattforma Canvas/Mitt UiB og tilhøyrande digitale verktøy, og utnytte plattforma si eksisterande funksjonalitet på ein brukarvennleg måte 
  • Utarbeide video, tekst eller anna fagleg innhald. 
  • Kontaktperson for innhaldsleverandørar, både fagleg tilsette, eksterne og Læringslaben. 
  • Andre praktiske oppgåver knytt til utviklingsarbeidet.

Andre faglege oppgåver, som sensur av eksamensoppgåver og godkjenning av arbeidskrav, kan også bli aktuelle.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i nordisk, fortrinnsvis i norsk som andrespråk.
  • Kjennskap til Canvas/Mitt UiB eller andre læringsplattformer. 
  • Gode skriftlege norskkunnskapar. 

Følgende kvalifikasjonar er ein fordel:

  • Interesse for læringsplattformer og digital undervisning.
  • Ønskeleg med erfaring og interesse for digitalisering av læringsaktivitetar. 
  • Fordel med kjennskap til arbeidsretta norskopplæring.

Personlege eigenskapar:

  • Interesse for læringsdesign.
  • Kjennskap til didaktiske prinsipp og kunnskap om ny digital teknologi og læringsressursar.
  • Gode kommunikasjons- og samhandlingsevner og evner til å gå i dialog med fagmiljø om utvikling og revisjon.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og innovativt.

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. 

Språk, skriftleg og munnleg:

  • Begge skriftspråka, nynorsk og bokmål.

Vi tilbyr:

  • Interessante og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
  • Faglege utfordringar med moglegheit for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Løn etter lønssteg 60-65 (kode 1009) i statens regulativ, for tida svarar dette til mellom 584 500 - 635 400 kroner årleg i full stilling før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga:

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenka på denne sida ”SØK STILLINGA”.

Søknaden skal innehalde ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga.

Dette må følgje søknaden:

  • Søknadsbrev.
  • CV.
  • Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna versjon eller stadfeste kopiar).
  • Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar.
  • Dokumentasjon på pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis, utviklingsarbeid, mottekne prisar eller anna pedagogisk røynsle), undervisningsopplegg og/eller evalueringar.
  • Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar, med lenker til fulltekst.

Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

NB: Søknadene vert vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS