LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Stipendiatstillingar om skriftspråkpraksis hjå born og unge

Søknadsfrist: 30.11.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også i ph.d.-programmet Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig to stillingar som ph.d.-stipediat i norsk/norskdidaktikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, campus Sogndal.

Felles for stillingane:

Stillingane er knytt til forskingsprosjektet «Multilectal Literacy in Education» (MultiLit) som har finansiering frå Noregs forskingsråd. Målet med prosjektet er å kaste lys over tileigning av nærståande skriftlege varietetar med fokus på nynorsk og bokmål men også uformelle, dialektnære skrivepraksisar. Vilkåra for tileigning av det minst brukte norske skriftspråket, nynorsk, vil stå sentralt, og ei overordna problemstilling er vidare korleis ulike skriftspråklege kompetansar verkar inn på læring meir allment.

Born og unge i tre ulike geografiske område i Noreg skal undersøkast; eit austnorsk område der bokmål er det vanlegaste opplæringsmålet, eit midt- eller nordnorsk område med bokmål som opplæringsmål, og eit vestnorsk område der nynorsk er det vanlegaste opplæringsmålet. Det er eit krav at prosjekta til stipendiatane hentar data frå eitt eller fleire av desse områda. MultiLit har eit komparativt sideblikk til tileigning av frisisk og nederlandsk i provinsen Frisland i Nederland.

Høgskulen på Vestlandet har hovudansvar for MultiLit-prosjektet, og det er forankra i forskargruppa Lesing, skriving og språkutvikling i forskingsprogrammet Språk, kommunikasjon og læring. Prosjektet har fleire nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar, mellom anna forskarar ved Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) ved Universitetet i Oslo og AcqVA Aurora Center ved UiT Noregs arktiske universitet.

Den eine stipendiatstillinga er knytt til delprosjektet Skriftlege normer hjå multilektale og monolektale ungdommar (‘Written norms among multilectal and monolectal adolescents’). Den andre er knytt til delprosjektet Tidleg skriftspråkstimulering i multilektale og monolektale kontekstar (‘Early standard language stimulation in multilectal and monolectal contexts’). Søkjarar må opplyse kva for ei av stillingane dei søkjer, eventuelt om dei søkjer begge.

Om stilling 1 innanfor Skriftlege normer hjå multilektale og monolektale ungdommar

Til denne ph.d.-stillinga søkjer vi ein høgt motivert fagperson med interesse for forsking på språkleg variasjon, «dialektskriving» på sosiale medium og korleis normer for «dialektskriving» blir forhandla og etablert. Nokre av dei aktuelle forskingsspørsmål i delprosjektet er:

  • Kva for regionale mønster ser ein når det gjeld «dialektskriving» i private samanhengar blant norske ungdommar og korleis kan ein forklara desse mønstra?
  • Kva vil det seie å skrive på «dialekt»? Kva er dei lingvistiske og ortografiske kjennemerka ved «dialektskriving» – kva for språktrekk vert brukte og til kva formål?
  • Korleis forhandlar ungdommar om bruken av og den sosiale tydinga ved ikkje-standardspråklege normer?

Eit mogleg ph.d.-prosjekt kan til dømes vere å utforske kva skriftspråksrepertoar born og unge i skulealder nyttar i ulike (digitale) samanhengar og kva som motiverer vala. Eit anna ph.d.-prosjekt kan vere å utforske nærmare kva som vert oppfatta som «dialektskriving»: Kva for dialektale trekk vert nytta i ulike geografiske område, kva for sosial meining kan desse trekka ha og kva formål kan bruken av dei stette? Det kan også vere aktuelt å granske korleis normene for «dialektskriving» – eller meir generelt skriving av ikkje-standardiserte trekk – vert forhandla og etablert blant unge. Overordna vil geografiske mønster for «dialektskriving» og korleis desse kan forståast og forklarast, stå sentralt.

Om stilling 2 innanfor Tidleg skriftspråkstimulering i multilektale og monolektale kontekstar

Til denne ph.d.-stillinga søkjer vi ein høgt motivert fagperson med interesse for forsking på språkleg variasjon og skriftkunne hos barn i barnehagealder. Nokre aktuelle forskingsspørsmål i delprosjektet er:

  • Kva for forskjellar i multilektale kompetansar ser ein hjå små born i ulike geografiske område?
  • Korleis førebur språkmiljøet borna for tileigning av skriftkunne i ulike geografiske område?
  • Korleis kan ein målretta stimulere tileigning av eit mindre brukt språk i miljøet til born under skulealder?

Eit aktuelt ph.d.-prosjekt kan til dømes vere å utforske skilnader i samla språkkompetanse og literacypraksisar hos born under skulealder i ulike geografiske område, og/eller som undersøkjer kva variasjon i språkmiljø kan ha å seie for utvikling av skriftkunne og literacypraksisar på kortare eller lengre sikt.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stipendiatane skal inngå i eit opplæringsprogram for ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 4 år der 25 prosent av tida vil utgjere pliktarbeid i form av mellom anna undervisning, utviklingsarbeid og administrasjon. Pliktarbeidet skal utførast ved HVL. Det er ein føresetnad at dei som vert tilsette, har arbeidsplassen sin ved studiestad Sogndal i tilsetjingsperioden. Stipendiatstillingane er rekrutteringsstillingar som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL.

Det er òg ein føresetnad at stipendiatane vert tekne opp på ph.d.-programmet «Danning og didaktiske praksisar» ved HVL. Opptak krev normalt karakteren B eller betre på masteroppgåva. Nærmare informasjon om doktorgradsprogrammet finn ein på https://www.hvl.no/studier/studieprogram/2019h/phd/. Søknad om opptak til dette ph.d.-programmet skal først sendast etter eventuell tilsetjing. Seinast 3 månader etter tilsetjing må stipendiatane vere tekne opp på ph.d.-programmet.

Stipendiatane vert oppmoda om å søkje utanlandsopphald i løpet av stipendiatperioden. MultiLits samarbeidspartnarar i Nederland er aktuelle vertsinstitusjonar.

Som stipendiat vil du:

  • delta i utviklinga av ny kunnskap om normer for og bruk av dialekt blant ungdom på sosiale medium og forholdet mellom dialektskriving og standardspråkleg skriving/om forskjellar i multilektale kompetansar hjå småborn i ulike geografiske område og forholdet mellom barnehagens skriftspråkstimulering og skrifttileigning av eit mindre brukt språk i nært samarbeid med dei andre forskarane i respektive delprosjekt og med forskarar i MultiLit-prosjektet meir generelt.
  • skrive ei artikkelbasert avhandling med minst tre artiklar i nasjonale og internasjonale vitskaplege tidsskrift, eller skrive ein monografi, og presentere forskinga di på vitskaplege konferansar innanlands og utanlands.
  • arbeide sjølvstendig og i MulitLit-teamet, i tillegg til å bidra som medlem av forskingsgruppa Lesing, skriving og språkutvikling ved HVL.
  • få tilgang på eit nasjonalt og internasjonalt nettverk av språk- og utdannningsforskarar gjennom dei partnarane som er med i MultiLit-prosjektet, noko som òg omfattar moglege medrettleiarar og deltaking på ph.d.-kurs ved UiO og UiT.

Kvalifikasjonskrav:

Søkjarane må ha oppnådd mastergrad med karakteren B eller betre i norsk/nordisk/norskdidaktikk, språk/lingvistikk/språkdidaktikk, skrive- og leseopplæring eller tilsvarande masterutdanning med høg relevans for dei forholda som er skildra ovanfor.

Ønskte kvalifikasjonar:

Mest vektlagt er faglege kvalifikasjonar innanfor det utlyste området, med hovudvekt på kvaliteten i den vedlagde prosjektskildringa (sjå under). Intervjuet med søkjaren og kvaliteten til masteroppgåva vil òg ha vekt i vurderinga.

Arbeidsspråket er norsk, og det er difor krav om svært gode ferdigheiter i norsk. Det er òg eit krav om gode munnlege og skriftlege engelskkunnskapar.

Mastergradsoppgåva må vere levert til vurdering innan søknadsfristen, og mastergraden må vere godkjent seinast fire veker etter søknadsfristen.

Søkjarar må leggje ved ei førebels prosjektskildring på inntil fem sider, som presenterer tema, problemstilling, val av teori og metode. Denne vert brukt til vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten, og vil ikkje vere den endelege prosjektskildringa. Endeleg prosjektskildring og plan for gjennomføring av forskarutdanning vil seinare bli utforma i samråd med rettleiar når ein søkjer opptak til doktorgradsprogrammet.

Stipendiatane som vert tilsette, blir tekne opp i doktorgradsprogrammet Danning og didaktiske praksisar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI). Det er ein føresetnad at stipendiatar fyller krava for opptak til ph.d.-studiet. Normalt tek programmet berre opp kandidatar med karakter A eller B på mastergraden. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal fyrst sendast etter tilsetjing.

Endeleg prosjektskildring og plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjend av høgskulen seinast 3 månader etter at ein er teke til i stillinga.

Personlege eigenskapar:

Dei som vert tilsette må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i forskingsarbeidet er påkravd.

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt eige ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder masteroppgåva/hovudfagsoppgåva og ev. inntil 5 vitskaplege arbeid dei ønskjer å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, prosjektbeskrivelse, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrift eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Viss vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjar må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogeleg når du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har motteke søknaden din.

Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkunnig utval. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalet/-rådet ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling.
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida.

Stillinga som stipendiat vert løna i stillingskode 1017 - Stipendiat, lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i henhald til ny offentleglov kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg, sjølv om søkjaren har anmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla om slik anmodning ikkje vert teke til følgje. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetting, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar:

1) Leiar for MultiLit-prosjektet - professor Øystein A. Vangsnes, tlf.: 77 64 57 42, e-post: oystein.alexander.vangsnes@hvl.no

2) Leiar av delprosjektet Skriftlege normar hjå monolektale ungdommar - professor Unn Røyneland, e-post: unn.royneland.iln.uio.no

3) Leiar av delprosjektet Tidleg skriftspråkstimulering i multilektale og monolektale kontekstar - professor Eli Bjørhusdal, tlf.: 57 67 60 11/951 65 510, e-post: eli.bjorhusdal@hvl.no

4) For generelle spørsmål - assisterande instituttleiar Bente Sollid, tlf.: 57 67 61 94/990 28 769, e-post: bente.nikolaisen.sollid@hvl.no

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS