Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i evolusjonær parasittologi

Søknadsfrist: 22.12.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for biovitskap er det ledig ei stilling som stipendiat i evolusjonær parasittologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til forskingsgruppene Evolusjonær økologi og Teoretisk økologi og høyrer til forskingsprosjektet ParAnthropE (Anthropogenic Parasite Evolution).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stillinga er ein del av forskingsprosjektet ParAnthropE, finansiert av Forskingsrådet. Prosjektet er eit samarbeid med forskarar i Montpellier, Basel og Oslo, og har som føremål å undersøke samtidig evolusjon i ein parasitt som opplever hurtige endringar i omgjevnadane grunna menneskeleg åtferd.

Det er forventa at kandidaten deltek i (i) undersøkingar av kopepoden Lepeophtheirus salmonis gjennom bruk av fangst-merke-gjenfangst i eksperimentelle populasjonar, og (ii) utvikling av seleksjonsanalysar og kvantitative genetiske metodar eigna til å undersøke korleis seleksjon på og evolusjon av parasittane sine trekk blir påverka av menneskelege faktorar. Avhengig av kvalifikasjonane til den som vert tilsett, kan det vere mogleg å delta i andre aspekt av prosjektet.

Kandidaten vil i hovudsak vere lokalisert ved Universitetet i Bergen, med høve til jamlege opphald ved Centre d’Ecologie Fonctionnelle et Evolutive (CEFE) i Montpellier, Frankrike, kor den som vert tilsett, vil samarbeide med dr. Anne Charmantier.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjaren som får stillinga

  • må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i biologi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute
  • må ha ei utdanning som reflekterer kunnskap innanfor evolusjonære mekanismar
  • må ha erfaring med statistisk analyse gjennom eit programmeringsspråk, som til dømes R.
  • erfaring med blanda modellar (mixed models) og kvantitativ genetikk er ein klar føremon.
  • bør har erfaring og talent for forsking som inneber felt- og/eller laboratoriearbeid
  • vil ha fordel av erfaring med parasitt-vert system, molekylært laboratoriearbeid eller forsking som inneber bruk av virveldyr
  • må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vit.ass. o.l.) kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. . Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • internasjonalt samarbeid med etablerte forskarar ved toppinstitusjonar
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: dr. Adèle Mennerat adele.mennerat@uib.no , Institutt for biovitenskap

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS