Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorrådgjevar - Seksjon for prosjektøkonomi

Søknadsfrist: 10.11.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om økonomiavdelinga her.

Seniorrådgjevar for eksternfinansierte forskingsprosjekt ved UiB

Ved Økonomiavdelinga sin Seksjon for prosjektøkonomi er det ledig ei 100 % stilling som seniorrådgjevar innan området eksternfinansierte forskingsprosjekt. Vi søkjer ein person med erfaring og engasjement knytt til forskingssamarbeid.

Økonomiavdelinga ved Seksjon for prosjektøkonomi har viktige økonomisk/administrative støtteoppgåver for fagmiljøa knytt til universitetet sine kjerneoppgåver innan søknad og oppfølging av forskingsprosjekt. Desse oppgåvene utføres i tett samarbeid med Forskings- og innovasjonsavdelinga og andre støttefunksjonar. Økonomiavdelinga utfører også sakshandsaming og rådgjeving for universitetsleiinga innanfor dette fagområdet.

Eit viktig strategisk satsingsområde for UiB er å auke den eksternt finansierte prosjektportefølja, inkludert å få fleire prosjekt innan EU sine rammeprogram for forsking i Horisont 2020, det kommande HorisontEuropa og innanfor dei ulike programma til Forskningsrådet. Vi søkjer etter ein utadvendt, sjølvgåande og initiativrik person som både har dei rette kvalifikasjonane og eit stort engasjement til å bidra til at universitetet lykkast innanfor dette strategiområdet.

Arbeidsoppgåver:

  • Økonomisk og administrativ oppfølging av den ekstern finansierte prosjektporteføljen
  • Rådgjeving til fagmiljøa i alle prosjektfasane frå mobilisering, søknad, kontrakt, drift og til avslutning
  • Vere fagekspert på utvalde finansieringskildar
  • Vere administrativ prosjektleiar for nokre av UiB sine koordinator prosjekt (primært H2020 og HorisontEuropa)
  • Bidra til å vidareutvikle og digitalisere prosessar innanfor prosjektøkonomi- og administrasjon
  • Opplæring av administrasjons- og prosjektleiarar, økonomar og andre rådgjevarar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare utdanning innan økonomi og administrasjon på masternivå
  • Minimum 5 års erfaring frå økonomioppfølging og rådgjeving i større verksemder
  • Gode kunnskaper om EU sine satsingar innan forsking og utdanning
  • Evne til å arbeide strategisk og policyorientert
  • Evne til å vera drivande i prosessar
  • Erfaring frå rådgjeving i komplekse problemstillingar
  • Stor arbeidskapasitet, god gjennomføringsevne, personlig egnethet og evne og vilje til samarbeid vil bli vektlagt
  • God skriftleg og munnleg framstillings- og kommunikasjonsevne både på norsk og engelsk

Vi kan tilby:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Ein stimulerande og utfordrande arbeidskvardag ved eit internasjonalt orientert universitet
  • Muligheit for fagleg utvikling
  • Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i ltr. 68-74(for tida 615 900 til 691 400). For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • ASS. økonomidirektør Kirsti R. Aarøen tlf. 40 62 44 14 e-post: kirsti.aaroen@uib.no eller
  • Seksjonsleiar Kari Eidsheim tlf. 41 50 64 22 e-post: kari.eidsheim@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga, men arbeidsoppgåvene kan endrast etter behov på Økonomiavdelinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida dokumentinnsyn ved tilsettingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad og CV skal sendast elektronisk til Universitetet i Bergen via linken ”Søk stillinga” øvst på denne sida. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS