Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Klyngefasilitator (Seniorrådgivar) ved Alrek helseklynge

Søknadsfrist: 08.12.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Klyngefasilitator (Seniorrådgivar) ved Alrek helseklynge

Alrek helseklynge

Alrek helseklynge er eit framtidsretta klyngeprosjekt som har som visjon å bli eit internasjonalt kraftsentrum som skal skape innovative helse- og omsorgsløysingar i primærhelsetenesta og for folkehelsearbeid. Dette skal skje ved hjelp av framifrå forsking, utdanning, fullverdige praksisarenaer og tverrfagleg samhandling. Alrek helseklynge skal vere ein arena for utdanning av framtidas helsepersonell, og ein forskingspark og inkubator for framtidas helseløysingar.

Helseklynga er initiert av Universitetet i Bergen og i dag er Bergen kommune, Høgskulen på Vestlandet, NORCE, Haraldsplass Diakonale sykehus, Hordaland Fylkeskommune, Helse Bergen, Folkehelseinstituttet og VID vitenskapelige høgskole med som partnerar i klyngen. Eit nytt bygg er under oppføring på Årstadvollen og vert sentralt for utvikling av klynga. Miljøa som skal flytte inn i dette byggetrinnet er Institutt for global helse og samfunnsmedisin, HEMIL-senteret og Institutt for klinisk psykologi, samt delar av Institutt for biologisk og medisinsk psykologi (alle UiB), Allmennmedisinsk forskningsenhet og Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin (NORCE), Senter for omsorgsforskning (HVL) og fagmiljø frå helse- og omsorgssektoren i Bergen kommune, deriblant eit fastlegesenter.

Meir om Alrek helseklynge: https://www.uib.no/alrekhelseklynge

Klyngefasilitator

Til Alrek helseklynge søkjer vi ein engasjert og motivert klyngefasilitator (100 %) med god innsikt i nasjonal og internasjonal forsking og utdanning innan helse.

Klyngefasilitatoren vert tilsett ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen. Den som vert tilsett vil rapportere i linja til instituttleiing og fakultet, men vil arbeide for heile klynga. Arbeidsstad Årstadveien 17, det nye bygget i Helseklynga som er venta ferdig i august 2020.

Arbeidsoppgåver:

  • Identifisere synergiar mellom dei deltakande institusjonar og deira tilsette med relasjon til helseklynga og skape møteplassar for samhandling
  • Organisere og koordinere fora som bidrar til godt samarbeid med og mellom dei ulike organisasjonane og tenesteleverandørane i bygget
  • Identifisere eksisterande og nye område som er viktige for klynga og forstå klynga si samfunnsrolle og identifisere område kor den kan bidra
  • Bidra til å initiere og leggje til rette for utvikling av samarbeid innan forsking, utdanning og infrastrukturutvikling mellom dei deltakande institusjonane
  • Arbeide for å fremje søknader om eksternfinansiering av forskingsprosjekt på tvers av deltakande institusjonar
  • Bidra til formidling av klyngas visjonar, aktivitetar og resultat på ulike samfunnsarena

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning og eigen forskingserfaring innan eit relevant område for klynga er ein føremon, men relevant erfaring frå fagfelta vil og verte vektlagt.
  • Doktorgrad innan eit relevant område for klynga er ein føremon
  • Leiererfaring og erfaring med tverrfaglig forsking og utdanning er ønskelig
  • God kjennskap til universitets- og høgskulesektoren, helsevesen og andre deler av offentleg sektor, instituttsektoren, EU, Noregs forskingsråd og deira verkemiddel, til andre relevante
  • forskingspolitiske aktørar og til samarbeid mellom akademia, næringsliv og forvalting, er ønskeleg
  • Erfaring med å organisere møter nasjonalt og internasjonalt er ønskeleg
  • Erfaring med forskingsformidling er ønskeleg
  • Gode skriftlege og munnlege kunnskapar på båe målformer; nynorsk og bokmål samt engelsk

Vi vil leggje stor vekt på personlege eigenskaper som gjer søkjar skikka til stillinga, mellom anna må søkjar:

  • dokumentera gode samarbeidsevner og evne til å kommunisera over kulturforskjellar, bygge relasjonar og alliansar
  • ha evne til å involvere og motivere, skape entusiasme og tillit
  • ha stor grad av sjølvstende, god gjennomføringsevne og stor arbeidskapasitet
  • ha god organisasjons- og sektorforståing og evne til å byggje nettverk og tenkje strategisk
  • kunne raskt sette seg inn i komplekse fagområda
  • kunne kommunisere godt både munnleg og skriftlig på norsk og engelsk, også i digitale kanalar

Vi kan tilby:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 68-75 (for tida 615 900 – 704 900) . For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Guri Rørtveit, tlf.: 55 58 61 41, e-post: Guri.Rortveit@uib.no, eller
  • Dekan Per Bakke, tlf.: 55 58 20 87, e-post: Per.Bakke@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS