Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Senioringeniør (Institutt for informatikk)

Søknadsfrist 01.04.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Senioringeniør - datahandtering

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei fast stilling som senioringeniør knytt til eksternt finansierte prosjekt. Dei to første åra vil bli finansiert av prosjekta Senter for Digitalt Liv Norge og ELIXIR2.

Vil du bidra til å betre måten vi handterer data på innanfor norsk livsvitskapleg forsking? ELIXIR Norge og Senter for Digitalt Liv Norge ønsker å tilsette ein senioringeniør som skal hjelpe norske forskarar med handtering av data.

Dette er ein unik karriere-moglegheit til å utvikle ei ekspertise som er stadig meir etterspurd. Vi ønsker kandidatar med relevant bakgrunn i grenseflata mellom biologi, bioinformatikk og kunnskaps-handtering.

Moderne (molekylær) biologi og medisin er avhengige av generering, deling og analyse av data. Integrasjon av store mengder data, på tvers av ulike modalitetar, er viktig for å drive vidare grunnleggjande forsking og innovasjon og for å adressere store samfunnstufordringar. For at dette skal lukkast, må forskingsdata og digitale tenester vere søkbare, tilgjengeleg, interoperable og gjenbrukbare (Findable, Accessible, Interoperable, Reusable - FAIR).

ELIXIR er den europeiske infrastrukturen for biologisk informasjon (www.elixir-europe.org). ELIXIR samlar bioinformatiske data, verktøy og ekspertise i ein spreidd infrastruktur som gjer det mogleg for forskarar på tvers av Europa å dele og analysere livsvitskaplege forskingsdata. ELIXIR Norge byggjer og driv løysingar for norske brukarar innanfor forsking, forvalting og industri og inkluderer ein “help desk” og aktivitetar innan opplæring (www.elixir-norway.org). ELIXIR Norge er koordinert frå Universitetet i Bergen og omfattar aktivitet ved Universitetet i Oslo, NTNU, Universitetet i Tromsø og NMBU.

Senter for Digitalt Liv Norge (www.digitallifenorway.org) er eit nasjonalt senter for transdisiplinær bioteknologi og omfattar noder og forskingsprosjekt ved mange universitet og forskingsinstitusjonar i Norge. Forskinga ved senteret famnar eit vidt spekter av biologiske, medisinske og berekningsbaserte tilnærmingar og har som mål å øke verdiskaping for samfunn, miljø og økonomi innan norsk bioteknologi.

I hovudsak vil arbeidsstad vere ved Computational Biology Unit på Institutt for informatikk, ved Universitetet i Bergen. Ein må rekne med ein del reising inkludert besøk til andre partnerinstitusjoner i ELIXIR og DLN.

Institutt for informatikk har sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå.

Arbeidsoppgåver:

  • Hjelpe forskarar med å utføre FAIR handtering og deling av data og modellar for ikkje-sensitive og sensitive data. Dette omfatter å utarbeide rettleiingar for korleis ein skal skildre, formatere og dele data og programkoder på ein måte som er tråd med internasjonale standardar
  • Arbeide med data-generande plattformer og hjelpe dei å støtte slutt-brukarar med FAIR handtering og deling av data
  • Hjelpe forskingsprosjekt med å dele data i relevante offentlege databasar og -arkiv, noko som bidreg til å synleggjere og auke utbytte av forskinga
  • Vere vårt kontaktpunkt mot internasjonale nettverk, inkludert ELIXIR og FAIRDOM, og dra nytte frå og bidra til felles aktivitet, inkludert opplæring i bruk og utvikling av verktøy og arbeidsflyter
  • Arbeide med ELIXIR Norge personale for å sikre at verktøy og infrastruktur støtter brukarane sine behov innan handtering og deling av data
  • Engasjere seg på nasjonalt nivå i Digitalt Liv Norge sin aktivitet innen handtering av data, samt matematiske og beregningsmodellar som baserer seg på data
  • Samarbeide med aktivitet innan datahandtering på nasjonalt nivå (inkludert Sigma2) og ved partnarinstitusjonane

Den som vert tilsett må regne med endringar i arbeidsoppgåver over tid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjaren må ha utdanning på doktorgradsnivå innan eit relevant felt i bioinformatikk, systembiologi, informatikk, biblioteksarbed, eller liknande. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Kunnskap om relevante data-standardar og ontologier er eit krav
  • Erfaring med bruk av Linux, kommandolinje-miljø og relevante script-språk, er eit krav
  • Kunnskap om ei rekkje ulike typar livsvitskaplege data, spesielt NGS, proteomikk og metabolomikk, er eit krav
  • Evne til å halde tidsfristar og handtere prioriteringar under varierande arbeidsmengdar
  • Erfaring med teknologi for semantisk web og semantisk annotering, er ønskjeleg
  • Erfaring med å handtere kunnskap i tverrfagleg forsking, samt erfaring med arbeid i forskingsmiljø
  • Kjennskap til relevante nasjonale og europeiske infrastrukturer og databaser inkludert slike for systembiologiske modeller, er ønskeleg
  • Grunnleggjande forståing for matematisk modellering
  • Sterke eigenskapar innan leiarskap og samarbeid
  • Særs gode engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Positiv og entusiastisk personlegdom
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Den som blir tilsett vil være sentral i arbeidet med å integrere data og modellar for å mogleggjera transdisiplinær forsking. Difor er følgjande personlege karakteristika viktige:

  • Særs god evne til å syntetisere informasjon: samle krav frå brukarar, prioritere dei, og foreslå praktiske løysingar
  • Evne til å kommunisere godt med biologiske forskarar for å kartleggje behov og fremme effektiv bruk av eksisterande system for handtering av data og kunnskap
  • Evne til uavhengig arbeid, vise initiativ, kreativ og kritisk tenking og samtidig evne til å arbeide effektivt i tverrfaglege grupper
  • Ein må rekne med noko reising, inkludert kortare opphald ved samarbeidande institusjoner

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for å søkje og kvifor du meiner at du passer til stillinga
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansar

Vi tilbyr:

  • Spennende arbeidsoppgåver på nasjonal og internasjonal nivå i eit Europeisk infrastrukturnettverk og høve til utvikling knytt til di rolle i eit sterkt profesjonelt fagmiljø
  • Stilling som senioringeniør (kode 1181) i lønssteg 59 - 67(for tida kr 515 200 - 597 400) i det statlege lønsregulativet
  • Eit dynamisk og spennande nasjonalt nettverk for interdisiplinært eksperimentelt og teoretisk anvendt forsking i bioteknologi, med spennande utfordringar innan datahandtering
  • Dagleg kontakt med insirerande studentar og kollegaer
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Inge Jonassen

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan 01.04.2019

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS