Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorrådgjevar ved Forskning- og innovasjonsavdelinga

Søknadsfrist: 02.10.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorrådgjevar knytt til forskarutdanninga

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om forskningsadministrativ avdeling her.

Ved Forsking- og innovasjonsavdelinga er det ledig ei fast stilling som seniorrådgjevar. Forsking- og innovasjonsavdelinga har viktige forskingsstrategiske oppgåver for fagmiljø og leiinga knytt til kjerneverksemda ved universitet, særleg innan søknader til nasjonale og internasjonale finansieringskjelder, oppfølging av kontraktar i prosjekter i forsking og innovasjon, og legg til rette for satsingar på framifrå forsking, forskarutdanning, internasjonalisering, berekraft og innovasjon. Forskarutdanning er høgt prioritert ved Universitetet i Bergen

Arbeidsoppgåver:

Stillinga inneber i hovudsak arbeid med utvikling, rådgjeving og institusjonell tilrettelegging av forskarutdanninga. Seniorrådgjevaren førebur saker som gjeld forskarutdanninga til Forskingsutvalet, leiar forum for ph.d.-koordinatorar, og arbeider med nettsider for forskarutdanning. Til stillinga ligg det administrative hovudansvaret for gjennomføringa av den årlege framdriftsrapporten for ph.d.-kandidatane ved UiB. Det ligg òg til stillinga å følgje opp eksternt samarbeid om forskarutdanning med forskingsinstitutt, høgskular og helseføretak. Internasjonalt samarbeid følgjast opp gjennom European University Association og andre internasjonale organisasjonar og nettverk der UiB deltek. Seniorrådgjevaren kan få arbeidsoppgåver som krev utgreiing og analyse og vil vere sentral i arbeidet med policydokument og handlingsplanar, samt med å planlegge, gjennomføre og følgje opp tematiske seminar og møter knytt til forskarutdanninga ved UiB. Ein del reising må påreknast. Andre oppgåver innan avdelinga sitt ansvarsområde kan òg bli aktuelt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Kompetanse på minimum masternivå. Doktorgrad vil vere ein føremon.
  • God kjennskap til forskarutdanning, forsking- og utdanningsmiljø.
  • Forskings- og prosjektadministrativ erfaring
  • Gode engelskkunnskapar skriftleg og munnleg
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til sjølvstendig oppfølging og gjennomføring av arbeidsoppgåver

Vi kan tilby:

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit kompetansemiljø med gode vilkår for fagleg og personleg utvikling.
  • Triveleg og internasjonalt samansett medarbeidargruppe med god fagleg tyngde.
  • Fleksibel arbeidstid og pensjonsordning
  • Stillinga er løna som seniorrådgjevar (kode 1364) etter lønssteg 68-74 (kr. 615 900 - 691 400). For særskilt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Avdelingsdirektør Benedicte Løseth, tlf. 91603900, e-post benedicte.loseth@uib.no

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida: ”Søk denne stilling” til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attester skal berre sendast dersom du får melding om det.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk denne stilling

Powered by Labrador CMS