Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorrådgjevar - Forskningsadministrativ avdeling (FA)

Søknadsfrist: 16.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorrådgivar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om forskningsadministrativ avdeling her.

Universitetet har i sin strategi Kunnskap som formar samfunnet 2019 – 2022 tydelege ambisjonar om å styrke forskningsverksemda og utvikle sterke og eminente forskningsmiljø ved alle fakultet. Vi søkjer etter en seniorrådgjevar for å utvikle UiB sitt arbeid med vitenskapsrådgjeving retta mot FN sine bærekraftmål, Sustainable Development Goals, SDG. Stillinga vil arbeide på oppdrag frå viserektor for globale relasjonar. Stillinga er organisatorisk plassert ved Forskningsadministrativ avdeling (FA) og rapporterer administrativt til avdelingsdirektør for Forskningsadministrativ avdeling.

Arbeidsoppgåver:

  • Leie arbeidet med å utvikle den nasjonale bærekraftkonferansen i Bergen
  • Legge til rette for å utvikle ”science to policy”-aktivitetar, spesielt retta mot Agenda 2030 og bærekraft i Horizon Europe
  • Utvikle UiB sin Nordområdeaktivitet med spesielt fokus på bærekraft
  • Stillinga vert støtta av SDG Bergen sekretariatet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning på minimum mastergradsnivå
  • Stort profesjonelt nettverk
  • Innsikt og forståing for politiske prosessar, nasjonalt og internasjonalt
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi kan tilby:

  • Interessante og utfordrande oppgåver innan arbeidsfelt med stor strategisk verdi for UiB
  • Et attraktivt arbeidsmiljø med god tilgang til relevant forskningsadministrativ kompetanse
  • Stor grad av sjølvstende og fleksibilitet i stillinga
  • Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 79 - 84 (for tida kr 778 700 - 893 900 ) i det statlege lønsregulativet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Avdelingsdirektør Benedicte Løseth, tlf.nr.: 916 03 900.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Powered by Labrador CMS