Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Seniorrådgjevar i studieadministrasjonen - Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Søknadsfrist: 17.11.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei  fast stilling i 100% som seniorrådgjevar i studieadministrasjonen ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Stillinga får eit teamleiaransvar for grunnskulelærarutdanningane ved campus Bergen, Sogndal og Stord.

Til stillinga ligg ansvar for utdanningsadministrasjon i grunnskulelærarutdanningane. Arbeid med kvalitet i utdanningane og bistand og rådgiving til leiarar i fakultetet vil vere sentralt. Den som blir tilsett i stillinga må kunne utføre oppgåver som føreset stor grad av sjølvstende, analytisk kompetanse og evne til problemløysing. Stillinga vil også bli tillagd ei teamleiarrolle for dei studieadministrativt tilsette som arbeider med grunnskulelærarutdanningane. Samarbeidsevne og leiareigenskapar vil bli vektlagd.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Bistand og rådgiving til utdanningsleiarar
  • Førebuing og oppfølging av saker i utdanningsleiargruppe, råd og utval
  • Studieadministrativ teamleiar grunnskulelærerutdanningane
  • Arbeid med studie- og emneplanar
  • Utviklingsoppgåver knytt til koplinga mellom utdanning, forsking og internasjonalisering
  • Ansvar for arbeid med kvalitetssystem, rutinar og tilsyn av utdanningskvalitet
  • Analyse og rapportering av data knytt til kvalitet i utdanningane
  • Sjølvstendig saksbehandling
  • Koordinering av studieadministrative driftsoppgåver

Andre relaterte ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan også vere aktuelle.

Kvalifikasjonskrav:

  • Høgare utdanning frå universitet eller høgskule på masternivå. I spesielle høve kan særleg omfattande og relevant spesialkompetanse innafor fagfeltet kompensere for masterkravet.
  • Omfattande og relevant administrativ erfaring
  • Spesialkompetanse på særleg høgt nivå tilpassa funksjonane i stillinga
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • God digital kompetanse
  • Gode leiareigenskapar

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
  • Kjennskap til lærarutdanningane
  • Erfaring frå utviklingsarbeid

Personlege eigenskapar:

  • Strukturert, ansvarleg og med evne til å arbeide strategisk
  • Stor grad av sjølvstende, analytisk kompetanse og evne til problemløysing
  • Initiativrik, utviklingsorientert og fleksibel
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1364 seniorrådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. offentleglova kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Heimeside

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Eli Borsholm, studieadministrativ leiar tlf: 55 58 59 57 / 92 02 91 50

2) Gunn Haraldseid, prodekan for utdanningskvalitet, tlf. 52 70 27 58 / 91 17 51 30

Søk stilling

Powered by Labrador CMS