Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Stipendiat - COMPARE

Søknadsfrist: 26.01.2020

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei stilling som stipendiat innan "Comparative perspectives in teaching sustainability in the Nordics, Europe and Beyond" ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå 2017), bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Om stillinga:

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI), er det ledig ei stipendiatstilling i Forskergruppa COMPARE, under tematikken: Comparative perspectives in teaching sustainability in the Nordics, Europe and Beyond». Stillinga er knytt til Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag.

Stipendiaten si forsking vil inngå som del av verksemda i forskargruppa Comparative Perspectives in Educatio (COMPARE). Prosjektet kan bygge på nettverk og forskingsamarbeid i utdanningskontekstar som forskergruppa allereie er involvert i.

COMPARE sorterer under det strategiske forskingsprogrammet «Program for berekraft, medverknad og mangfald». Stipendiaten sitt prosjekt må innrettast slik at stipendiaten kvalifiserer for opptak på Ph.D.-studiet «Studier av danning og didaktiske praksiser».

Samla stipendiatperiode er 4 år i 100% stilling, med 25% av tida som pliktarbeid knytt til forsking, undervisning og/eller administrasjon. Pliktarbeidet vil då bli fordelt over heile stipendiatperioden.

Arbeidsstaden er campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsområde:

PhD-prosjektet skal undersøke korleis undervising i berekraft blir utforma og implementert i ulike utdanningskontekstar i Norden/Europa, og/eller i ein Nord-Sør samanheng. Tidlegare forsking har vist at implementering av berekraft i utdanning i berekraft ofte blir eit tilleggselement i ein allereie overfylt læreplan, samt at undervisinga i stor grad er fragmentert og manglar heilskap. Forskingsprosjektet skal vere eit bidrag til ei meir heilskapleg berekraftsundervising i både lærarutdanning og i grunnskulen, i tråd med forpliktelsane i berekraftsmåla i Agenda 2030.

Målet med forskingsprosjektet er å:

1) undersøke faglege og kunnskapspolitiske føringar i utforminga av berekraftsundervising i grunnskulen i ulike empiriske kontekstar

2) bidra til få ny innsikt i korleis berekraftundervising blir implementert i desse empiriske kontekstane.

3) på bakgrunn av 1) og 2) vere ein premissleverandør for korleis undervising om berekraft på best mogleg vis kan gjerast i grunnutdanninga og i lærarutdanninga.

Stipendiaten skal allereie ved søknad formulere ei prosjektskisse på maksimum 5 sider med problemstilling(ar) og gjennomføringsplan for forskingsprosjektet. Skissa skal også formulere teoretisk forankring og metodeval.

Tidleg i stipendiatperioden skal stipendiaten utvikle og få godkjent ei fullstendig prosjektskildring som skal leggjast til grunn for det vidare arbeidet gjennom stipendiatperioden. Stipendiaten skal då og takast opp på Ph.D.-studiet «Studier av danning og didaktiske praksiser».

Det er forventa at stipendiaten deltek aktivt på Ph.D.- studiet gjennom stipendiatperioden og oppfyller dei arbeidskrav og plikter som det fører med seg. Jf.

https://www.hvl.no/forsking/forskarutdanning/studier-av-danning-og-didaktiske-praksisar/

Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet utarbeidast og sendast først etter tilsetting i stipendiatstilling. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanning skal vere godkjent av høgskulen seinast 3 månadar etter tilsetting. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har arbeidsplass ved Høgskulen på Vestlandet. Stipendiaten vil få tildelt eit rettleiarteam frå forskargruppa «COMPARE», og det vert forventa at stipendiaten deltek aktivt i gruppa sine samlingar og aktivitetar.

Varigheit:

  • Stipendiaten skal inngå i eit godkjent opplegg for ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 4 år.25% av tida vil utgjere pliktarbeid i form av undervisning, utviklingsarbeid eller administrasjon. Pliktarbeidet skal utførast ved Høgskulen på Vestlandet.
  • Det vil bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden for eventuell tidlegare rekrutteringsperiode.

Kvalifikasjonskrav:

Søkjarar må ha oppnådd mastergrad i samfunnsfagdidaktikk, geografi, sosiologi, antropologi eller tilsvarande relevant utdanning må vere oppnådd ved søknadsfristen.

Søkjaren må leggje ved ei førebels prosjektsskisse på inntil fem sider, som presenterer tema, problemstilling, teoretisk forankring og metodeval for prosjektet. Denne skissa vil inngå i grunnlaget for vurderinga av søkjaren sine kvalifikasjonar. Det er ein føresetnad at søkjaren fyller krava til opptak på ph.d.-studiet. Normalt tar programmet opp berre kandidatar med karakter A eller B på mastergrada.

Følgjande kvalifikasjonar vil bli særskilt vektlagt:

Faglege kvalifikasjonar innafor det utlyste området, med hovudvekt på kvalitet i masteroppgåva, metodiske kvalifikasjonar, samt den førebelse prosjektskissa. Eventuelle vitskapelege publikasjonar kan og bli vektlagt.

Personlege kvalifikasjonarD

en som blir tilsett må trivast med å arbeide i eit forskingsfelleskap, ha gode evner til samarbeid, og samstundes arbeide målretta og sjølvstendig.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt eige ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder masteroppgaven/hovedfagsoppgaven og inntil 5 vitskaplege arbeid de ønsker å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, prosjektbeskrivelse, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrift eller anna dokumentasjon ikkje er på et skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkunnig utval. Bedømmelsen skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 5 vitskapelege arbeid. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar verte kalla inn til intervju. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat vert løna i stillingskode 1017/ 1378 Stipendiat, lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i henhald til ny offentleglov kan opplysningar om søkjaren verte gjort offentleg, sjølv om søkjaren har anmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjara vil verte varsla om slik anmodning ikkje vert tatt til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetting, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er en IA bedrift.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Instituttleiar Jan Helge Kallestad, 55 58 59 43

2) Førsteamanuensis Erlend Eidsvik, leiar for forskergruppa COMPARE, 55 58 57 90

Søk stillingen