Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Rådgjevar / Seniorrådgjevar - Fakultet for helse- og sosialvitskap

Søknadsfrist: 24.10.2019

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap (fakultetsadministrasjonen), har ledig fast stilling som rådgjevar / seniorrådgjevar

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram, samt Ph.d.-studiet "Helse, funksjon og deltaking". Fakultetet har ein vitskapleg ambisjon om å styrke forskingsbasert undervisning, rettleiing og praksis innan områda helse, funksjon og deltaking.

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Den som vert tilsett skal arbeide tett med leiinga ved fakultetet i strategiske spørsmål og utvikling av fakultetet. Dette inneber sakshandsaming, og ansvar for utgreiings- og prosjektarbeid. Det vert stilt krav om høg kompetanse og stor grad av sjølvstende i arbeidsform og oppgåveportefølje.

Arbeidsplassen kan vere på ein av campusane; Haugesund, Stord, Førde, Bergen eller Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har eit breitt spekter av oppgåver, til dømes:

  • Oppfølging og utarbeiding av rapportering (årshjul), handlingsplanar og strategiar i fakultetet
  • Analyse- og utgreiingsarbeid
  • Førebuing av høyringssaker i fakultetet
  • Saksførebuing og drift/sekretariatsfunksjon for råd og utval i fakultet
  • Bistå med planlegging/organisering av felles aktivitetar i fakultetet
  • Administrativ støttefunksjon i andre saker etter behov og i samråd med administrasjonssjef

Kvalifikasjoner:

  • Utdanning på masternivå
  • Relevant administrativ erfaring og spesialkompetanse på høgt nivå, innanfor ansvarsområde og tilpassa funksjonane i stillinga
  • God munnleg og skriftleg evne til framstilling på norsk og engelsk
  • God digital kompetanse

Ønska kvalifikasjoner:

  • Erfaring frå UH-sektoren

Personlege eigenskapar:

  • Strukturert, ansvarleg og med evne til å arbeide strategisk
  • Analytisk og løysingsorientert
  • Evne til å ta initiativ, jobbe sjølvstendig og i team
  • God til å kommunisere
  • Serviceorientert og fleksibel

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar eller stillingskode 1364 - seniorrådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Administrasjonssjef Trude Engebretsen, tlf. 55 58 78 86

2) Dekan Randi Skår tlf. 57 67 61 51

Søk stilling

Powered by Labrador CMS