Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Forskingsrådgjevar - internasjonale prosjekt

Søknadsfrist: 13.11.2019

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon har ledig fast 100% stilling som forskingsrådgjevar knytt til prosjektstøtte for eksternfinansierte internasjonale prosjekt.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon omfattar felles administrasjon og forvaltning knytt til høgskulen sine forskings- og innovasjonsaktivitet samt internasjonaliseringsaktivitet. Avdelinga skal utviklast vidare og støtte opp under den faglege profilen og universitetsambisjonen til HVL

Stillinga er lagt til Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon (AFII), i avdelingsleiar si linje. Avdelinga sitt ansvarsområde er rådgjeving, administrasjon og sakshandsaming knytt til HVL sine forskings-, internasjonaliserings- og innovasjonsaktivitetar, og vi skal legge til rette for at høgskulen lukkast i å nå målsettingane i høve til desse områda, følge opp HVL sine strategiar og støtte opp under universitetsambisjonen til HVL.

Vårt ansvar er heile HVL og vi jobbar på tvers av fakultet og campus

Arbeidsstad for stillinga kan vere eitt av dei fem campus ved HVL; Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal eller Stord

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga er knytt til administrativ prosjektstøtte for større, internasjonale eksternfinansierte prosjekt (til dømes større, internasjonale prosjekt finansiert gjennom EU, Forskingsrådet og DIKU). Arbeidsoppgåver inkluderer rådgjeving og administrativ støtte til dagleg drift av dei enkelte prosjekta i fakulteta. Stillinga vil følgje opp større prosjekt i samråd med fakulteta, og arbeidsoppgåver vil bli koordinert av AFII.

Kvalifikasjonskrav:

Til stillinga vert det stilt krav om

  • Høgare utdanning på masternivå
  • Relevant administrativ erfaring og kompetanse innanfor ansvarsområdet og tilpassa funksjonane i stillinga
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • God digital kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
  • Kjennskap til ekstern forskingsfinansiering
  • Erfaring med arbeid med utvikling og gjennomføring av internasjonale prosjekt vil vere positivt

Personlege eigenskapar:

  • Kunne arbeide sjølvstendig og strategisk, ta initiativ og vere ein pådrivar
  • Strukturert og systematisk
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Utadvendt og trivast i eit travelt miljø

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som forskingsrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar Eirin Fausa Pettersen, 55 58 75 19 / 951 43 100

Søk stilling

Powered by Labrador CMS