Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Forskingsrådgjevar - forskingsetikk og personvern i forsking

Søknadsfrist: 21.06.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon er det ledig ei fast 100% stilling som forskingsrådgjevar knytt til arbeid med forskingsetikk og personvern i forsking.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon omfattar felles administrasjon og forvaltning knytt til høgskulen sin forskings- og innovasjonsaktivitet samt internasjonaliseringsaktivitet. Avdelinga skal utviklast vidare og støtte opp under den faglege profilen og universitetsambisjonen til HVL.

Om stillinga:

Forskingsrådgjevaren vil ha ei sentral rolle i tilrettelegging, koordinering og oppfølging av arbeidsoppgåver og utvikling av administrative tenester innanfor funksjonsområdet forskingsetikk og personvern i forsking. Stillinga rapporterer til avdelingsleiar for Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon.

Stillinga er ikkje knytt til ein bestemt campus, arbeidsstad kan vere Haugesund, Stord, Bergen, Førde eller Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Ansvarsområde lagt til stillinga er administrasjon, rådgjeving og forvalting knytt til høgskulen sine forskings- og innovasjonsaktivitetar, med særleg vekt på arbeid med forskingsetikk og personvern i forsking. Forskingsrådgjevaren vil vere fagansvarleg for funksjonsområdet forskingsetikk og personvern i forsking.

  • Tilrettelegging, koordinering og oppfølging av det forskingsetiske arbeidet i avdelinga
  • Strategisk utviklingsarbeid og utvikling av administrative tenester innan ansvarsområdet
  • Etablering og oppfølging av system og rutinar knytt til ansvarsområdet, inkludert system og rutinar for forsking som omfattar personopplysingar og helseforskingsdata
  • Utvikle og følgje opp planar for opplæring i forskingsetikk og personvern i forsking, og drive førebygging og rådgjeving
  • Sekretær for forskingsetisk utval (FEK)
  • Samarbeid med IT og bibliotek – lagring av forskingsdata
  • Samarbeid med HVL sitt personvernombod
  • Samarbeid med personvernrådgivingstenesta (NSD) og Regionale komiteer for medisinsk og helsefaglig forskningsetikk (REK)
  • Leiarstøtte og oppfølging av forskingsadministrative og forskingsstrategiske saker
  • Førebuing av saker til styre og utval, rapportering, utgreiing- og analyseoppgåver knytt til ansvarsområdet

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetansar:

  • Høgare utdanning på minst masternivå
  • Relevant administrativ erfaring og spesialkompetanse på høgt nivå innanfor ansvarsområdet og tilpassa funksjonane i stillinga
  • Kunnskap om og interesse for forskingsetikk og personvern i forsking
  • Kjennskap til relevante lover og reglar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • God digital kompetanse

Ønskede kvalifikasjonar:

  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
  • God forståing for informasjonssikkerheit

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strategisk, ta initiativ og vere ein pådrivar
  • Systematisk og strukturert, med evne til å kombinere kortsiktige oppgåver med langsiktig planlegging
  • Løysings- og utviklingsorientert
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og evne til å motivere og engasjere andre
  • Utadvendt og trivast i eit travelt miljø.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som forskingsrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1364 - seniorrådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar Eirin Fausa Pettersen telefon +47 55 58 75 19 og mobil +47 951 43 100

2) Seniorrådgjevar Heidi Skramstad, telefon 55585640 og mobil 99532451

Søk stilling

Powered by Labrador CMS