LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Stipendiat innan historie

Søknadsfrist: 24.04.2024

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium. 

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har ca. 190 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.

Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei stilling som stipendiat innan historie ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Om stillinga:

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei åremålsstilling som stipendiat innan historie.

Stillinga er knytt til forskingsprosjektet «Like Islands in a Sea of Sand: Understanding the Silk Roads of Late Antiquity as a layered network model», og er finansiert av Norges Forskningsråd.

Prosjektet søker å tenkje nytt rundt det store handelsnettverket kalla Silkevegen som batt saman Europa, Asia og Afrika frå antikken til tidleg moderne tid. Det finst få systematiske studiar av korleis dette handelsnettverket opererte i praksis, og lite er blitt forska på om rolla til stadane langs ruta. SilkRoMo-prosjektet vil bøte på denne kunnskapsmangelen ved å gjennomføre ein komparativ studie av fire case frå den seinantikke perioden: kongedømmet Kroraina, kongedømmet Kucha, kongedømmet Rob, samt byane Palmyra og Dura-Europos. Ved å kombinere detaljerte komparative studiar med nye perspektiv og teoretiske nyvinningar søkjer SilkRoMo-prosjektet å fornye tenkinga rundt Silkevegen, samt å bidra med nye perspektiv i debatten rundt tidlege globaliseringsprosessar og handel i antikken meir generelt.

Interesserte søkjarar kan ta kontakt med prosjektleder Tomas Larsen Høisæter (sjå kontaktinformasjon under) for ein utfyllande prosjektbeskrivelse.

Stillinga vil være knytt til «Ph.d.-programmet i Humanistiske Fag» ved Institutt for Arkeologi, Historie, Kultur- og Religionsvitskap ved Universitet i Bergen (UiB). Sjå omtale, studieplan og opptakskrav for programmet her.

Samla stipendiatperiode er tre år. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har arbeidsplassen sin ved HVL, campus Stord i tilsettingsperioden.

Det er ønskeleg med tiltreding 01.08.2024.

Ansvars- og arbeidsområde:

Stipendiaten skal utvikle eit eige prosjekt som undersøkjer eit femte case innan rammene av SilkRoMo prosjektet. Caset må ta utgangspunkt i ein stad eller stat i områda knytt saman av Silkevegnettverket i perioden frå byrjinga av vår tidsrekning til ca.1000 e.v.t. Caset må ha eit kjeldemateriale som inkluderer eit korpus av skriftlege kjelder som er samanliknbart med SilkRoMo’s fire andre case. Doktorgradsprosjektet må være tilpassa det metodiske og teoretiske rammeverket til SilkRoMo prosjektet. Stipendiaten står sjølv fritt til å velje case, men nokre moglege alternativ er: Dunhuang, Turfan eller Khotan i Tarimbekkenet, Mt. Mug og Panjikant i Sogdiana, og Oxyrhynchus eller andre papyruskorpus i Egypt. Ta gjerne kontakt med prosjektleiar om du ønskjer å diskutere moglege case.

Stipendiaten skal inngå i et opplæringsprogram for ph.d.-graden innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har arbeidsplassen sin ved campus Stord i tilsettingsperioden. Stipendiatstillinga er ei rekrutteringsstilling som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL.

  • Stipendiaten skal inngå i eit godkjent opplegg for ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år.
  • Det kan bli gjort frådrag i tilsettingsperioden for eventuell tidlegare rekrutteringsperiode.

Som stipendiat vil du:

  • Gjennomføre eit eige forskingsprosjekt innanfor rammene av SilkRoMo prosjektet.
  • Utvikle ein digital database med det skriftlege materiale frå PhD-prosjektets case.
  • Organisere ein prosjektworkshop på campus Stord med tilhøyrande workshop for Masterstudentar hausten 2026 og delta i organiseringa av ein prosjektkonferanse i Bergen våren 2027.
  • Få tilbod om å delta på et eitt-månads forskingsopphald ved Universitetet i Kyoto, Japan, våren 2025. Stipendiaten vert også oppmoda om å søkje lengre utanlandsopphald i løpet av stipendiatperioden. SilkRoMo prosjektet sine samarbeidspartnarar i Storbritannia og Japan er særleg aktuelle vertsinstitusjonar.

I tillegg til å gjennomføre ph.d.-prosjektet er det forventa at stipendiaten:

  • Bidreg konstruktivt inn i forskargruppa «Den Antikke Verden» ved UiB og relevante forskargrupper ved HVL.
  • Bidreg til SilkRoMo prosjektets forskjellige formidlingsaktivitetar, særleg retta mot eit internasjonalt publikum.
  • Presenterer eiga forsking skriftleg og munnleg i ulike forum, inkludert på nasjonale og internasjonale vitskaplege konferansar og i tidsskrift.

Prosjektskisse

Søkjarar må leggje ved ei mellombels prosjektskisse på 5 sider som presenterer og grunngjev tema med forankring i forskingslitteraturen på feltet, problemstilling og val av teori og metodisk tilnærming for eit potensielt prosjekt. Prosjektskissa vert brukt i vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskissa. Denne vil bli utarbeida i samarbeid med tildelt rettleiar når ein søkjer opptak til doktorgradsprogrammet.

Kvalifikasjonskrav:

  • Mastergrad innan historie, arkeologi, relevante språkfag eller tilsvarande utdanning.
  • Gode framstillingsevner skriftleg og munnleg på engelsk.
  • Allereie erverva språkkompetanse med relevans for prosjektets kjeldemateriale er eit føremon.

Det er ein føresetnad at stipendiaten vert teke opp på «ph.d.-programmet ved det Humanistiske fakultet» ved UiB og oppfyller krava for opptak til Ph.d.-studiet:

  • Søkjer må ha fullført mastergrad, hovudfag eller tilsvarande og kunne dokumentere gode studieresultat. Normalt vil det vere ein føresetnad at søkjar har følgjande karakter:o Masteroppgåve eller tilsvarande: karakter normalt B eller betreo Masterstudie; gjennomsnitt for studiedelen: karakter normalt B eller betre.

Nærmare informasjon om doktorgradsprogrammet finn ein her. Søknad om opptak til dette ph.d.- programmet skal først sendast etter eventuell tilsetting. Stipendiaten skal vere tatt opp på ph.d programmet seinast 3 månadar etter tilsetjing.

Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Interesse for globalhistorie og formidling av historie.
  • Gode samarbeidsevner og eit ønskje om å bidra aktivt til SilkRoMo prosjektet og prosjektgruppa.
  • Faglege og personlege føresetnader for å gjennomføre doktorgradsutdanninga innan tilsettingsperioden.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, ta initiativ og vere fleksibel.
  • Høg etisk medvit i forskingsarbeidet er påkrevd.

Korleis søkje på stillinga? 

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder;

  • masteroppgåva/hovudfagsoppgåva
  • inntil fem vitskapelege arbeid du ønskjer å ha med i vurderinga
  • fullstendig publikasjonsliste
  • prosjektskildring
  • attestar og vitnemål

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overskridar 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.

Søkjarar til stipendiatstillingar vert vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav fastsett i utlysinga. På bakgrunn av komitéen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju.

Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadene vert sendt elektronisk til bedømmingskomitéen.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat vert lønna i stillingskode 1017 - Stipendiat, lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå lønna vert det trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ein kvar tid gjeld for stilling.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista vert handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, vert varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

  • Prosjektleiar og hovudrettleiar, Tomas Larsen Høisæter, tolh@hvl.no

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS