Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for studieadministrasjon har ledig 100% fast stilling som seniorrådgjevar EVU.
HVL skal styrke arbeidet knytt til organisering og administrering av etter- og vidareutdanning (EVU). Vi har mange dyktige medarbeidarar som jobbar med EVU, men no ønskjer vi å bli betre på å jobbe saman på tvers i heile organisasjonen. Vi lyser difor ut ei fast stilling som seniorrådgjevar EVU.
Stillinga er ein del av høgskulen sine fellestenester og er plassert i Avdeling for studieadministrasjon som høyrer til under prorektor for utdanning. Stillinga har arbeidsstad på Campus Bergen.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillinga har ansvar for å koordinere og legge til rette for samhandling om EVU internt på HVL. Den har eit særleg ansvar for å bidra til god ressursutnytting på tvers i organisasjonen og bidra til utvikling av støttetenestene knytt til EVU-verksemda. Den som vert tilsett vil ha stort rom for å bidra til å forme stillinga og HVL sitt arbeid med EVU.
Koordinere HVL sitt team for EVU-administrasjon.
Samarbeide med fakulteta og andre avdelingar i HVL om god ressursutnytting på tvers i organisasjonen innafor EVU, særleg knytt til administrative rutinar.
Ta initiativ til og koordinere andre aktivitetar knytt til samhandling om EVU i HVL.
Bidra til utvikling av fleire støttetenester for den vitskaplege delen av EVU-verksemda.
Bidra til at HVL får styrka kompetanse på korleis marknadsinnsikt og -forståing kan nyttast systematisk i utviklinga av høgskulen sitt EVU-tilbod.
Vere oppdatert på behov og ønskjer frå samfunnet og arbeidslivet, særleg på Vestlandet, men og nasjonalt og internasjonalt.
Endringar i ansvar og arbeidsoppgåver må påreknast.
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse
Relevant høgare utdanning minst på masternivå.
Dokumentert kompetanse innanfor stillinga sitt funksjonsområde.
Generell kompetanse
God forståing for offentleg forvaltning og god innsikt i krava som vert sett til kvalitetssikring og gode administrative tenester.
God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag.
God organisasjonsforståing.
God forståing for marknadsretta arbeid vil vere ein fordel.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
Personlege eigenskapar:
Gode eigenskapar innafor leiing og koordinering med ein motiverande og inkluderande arbeidsstil med vekt på samarbeid og medverknad.
Evne til strategisk heilskapleg perspektiv.
Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og skape gode relasjonar internt og eksternt.
Løysings- og utviklingsorientert med god gjennomføringsevne.
Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1364 - seniorrådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.