Stipendiatstilling innan avansert klinisk allmennsjukepleie (BRIDGE-NP)
Søknadsfrist: 10.03.2024
Publisert
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap delansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i den tverrfakultære ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG).
Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.
Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og om lag 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling og folkehelse, masterstudium i avansert klinisk allmennsjukepleie og master i sjukepleie - kliniske spesialitetar, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig 100 % midlertidig stilling som stipendiat innan fagområdet avansert klinisk allmennsjukepleie ved Fakultet for helse- og sosialvitskap
Om stillinga:
Stipendiatstillinga er knytta til fagfeltet avansert klinisk allmennsjukepleie og prosjektet BRIDGE-NP: Bridging the Care Gap for Elderly living at home with concurrent somatic and mental health challenges: developing strategies for Nurse Practitioner interventions.
Stipendiaten skal inngå i eit godkjent opplegg for ph.d.-utdanning innanfor ei tidsramme på 4 år. 25 % av tida vil utgjere pliktarbeid.
Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har arbeidsplass ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap og arbeidsplass vil vera ein av campusane i Bergen, Førde, Haugesund eller på Stord i tilsettingsperioden, og at pliktarbeidet vert utført ved HVL.
Stipendiatstillinga er ei rekrutteringsstilling som skal bidra til utvikling av kunnskapsfronten i avansert klinisk allmennsjukepleie, utvikle forskingssamarbeidet med spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta og bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL.
Interesserte søkjarar kan ta kontakt med kontaktpersonen som er oppført i prosjektbeskrivinga. Prosjektplan vil bli utarbeida i samarbeid med tildelt rettleiar.
Prosjektet sitt primære mål er å skaffe kunnskap om korleis avansert klinisk allmennsjukepleiar sin kompetanse kan nyttast i oppfølging av heimebuande eldre med eit samansett sjukdomsbilete. Prosjektet skal ha eit særleg fokus på rolla og funksjonen som ein avansert klinisk allmennsjukepleiar har i organiseringa av tenestene til denne pasientgruppa. Dette er ein kvalitativ studie som vil nytte individuelle intervju, feltobservasjon og fokusgruppeintervju frå sjukepleiar, avansert klinisk allmennsjukepleiar og leiarar i kommunehelsetenesta sine perspektiv.
Det er ein føresetnad at stipendiaten sitt prosjekt vert innretta slik at stipendiaten kan bli teken opp på ph.d.-utdanninga Helse, funksjon og deltaking ved HVL. Nærare informasjon om doktorgradsprogramma finn ein på: Forskarutdanning: Ph.d.-handbok - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no) Søknad om opptak til doktorgradsutdanninga skal først sendast etter eventuell tilsetting. Kandidaten skal då saman med hovudrettleiar utarbeide ein detaljert plan for forskarutdanning ved HVL. Søknad om opptak til ph.d.-utdanninga skal sendast seinast 3 månader etter tilsetting.
Kvalifikasjonskrav:
Krav til stillinga:
Søkjar må ha autorisasjon som sjukepleiar får Norge eller anna nordisk land
Søkjar må ha mastergrad som er relevant for fagfeltet avansert klinisk allmennsjukepleie
Mastergradsoppgåva må vere levert til vurdering innan søknadsfristen, og mastergraden (120 studiepoeng eller tilsvarande) må vere godkjent seinast fire veker etter søknadsfristen. Mastergraden må innehalde ei masteroppgåve med eit omfang på minst 30 studiepoeng. Karakteren på masteroppgåve (eller tilsvarande) og gjennomsnittskarakter for masterstudiet skal normalt vere B eller betre.
Gode ferdigheiter i norsk og engelsk både skriftleg og munnleg
Ønska kvalifikasjonar
Erfaring med prosjektarbeid, formidling, rettleiing og forsking
Faglege kvalifikasjonar innan temaområdet i prosjektet
Relevant metodekompetanse
Høg etisk medvit i forskingsarbeidet
Internasjonalt nettverk
Personlege eigenskapar
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
God evne til å arbeide effektivt og systematisk
Evne til å ta initiativ og ansvar
Trivast med å arbeide i tverrfagleg team
Evne til nytenking og gjennomføring
Kunne arbeide sjølvstendig og samtidig bidra til fellesskapet i fagmiljøet generelt og i forskingsgruppa spesielt.
Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Søknaden må innehalde
Eit kort søknadsbrev
Prosjektskisse på 3-5 sider
CV med informasjon om utdanning, publikasjonar og arbeidserfaring
Kopi av vitnemål for avlagt mastergrad eller tilsvarande og eventuelle attester
Masteroppgåva
Eventuelt andre vitskaplege arbeid
Referanseliste (2-3 referansar; namn, tittel, e-post og telefon, samt beskriving av relasjon til søkjar)
Korleis søke på stillinga
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
masteroppgåve/hovudfagsoppgåve
inntil fem vitskaplege arbeid ein ønskjer å ha med i vurderinga
fullstendig publikasjonsliste
prosjektskisse
attestar og vitnemål
Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 25 MB må desse komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT sin generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarer med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid, slik søknad bør difor sendast så tidleg som mogleg når du veit at du vil søkje stipendiatstilling. Dersom du ikkje har fått svar frå NOKUT innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har motteke søknaden din.
Søkjarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkunnig komité. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse. Med grunnlag i komiteen si innstilling, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveførelesing. Tilsettingsutvalet ved Fakultet for helse- og sosialvitskap er tilsettingsorgan.
Søknadane blir sendt elektronisk til den sakkunnige komitéen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
Moglegheiter for trening i arbeidstida
Stillinga er løna i stillingskode 1017 - Stipendiat, lønssteg 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg, sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskolen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Fagseksjonsleiar, Siri Ytrehus, telefon: 57 67 61 61
2) Hovudrettleiar, Ragnhild Bjarkøy Strandberg, telefon 55 58 72 43
3) Instituttleiar, Georg Førland, telefon: 52702636