LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Rådgjevar læringsplattform

Søknadsfrist: 12.05.2024

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Eining for utvikling av læring og undervisning (ALU) har ansvar for høgskulens UH-pedagogiske arbeid. Ansvarsfeltet favner utdanningsfagleg kompetanse der fagdidaktikk og digitale arbeids- og læringsformer er viktige komponentar. ALU har ansvar for at høgskulen har eit solid tilbod til tilsette innanfor UH-pedagogikk, gjev støtte til digitale arbeids- og læringsformer og tilrettelegjer for sterke fagdidaktiske miljø i høgskulens utdanningstilbod. ALU deltar og aktivt i HVL’s forsking på eigne utdanningar

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for utvikling av læring og undervisning har ledig stilling som ansvarleg for læringsplattform 

Høgskulen på Vestlandet og Avdeling for utvikling av læring og undervisning (ALU) har ledig stilling som rådgjevar (Canvas). ALU har ansvar for å bidra til utdanningsfagleg kompetanse hos undervisarar.

Avdelinga skal og støtte tilsette og studentars utvikling av digital kompetanse. Som rådgjevar skal du jobbe med digitalisering og læringsteknologi og vil ha driftsansvar for høgskolen si læringsplattform.Arbeidsstaden er ved ein av høgskulen sine fem campus.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Læringsplattform, systemansvar og integrasjon:

  • Yte opplæring i og gje brukarstøtte for læringsplattforma Canvas for å sikre eit effektivt og brukarvennleg læringsmiljø for studentar og lærarar.
  • Leie drift, vedlikehald og oppdatering av læringsplattform og annan pedagogisk programvare.
  • Bidra til eit godt samspel mellom pedagogisk programvare og læringsplattform og andre digitale system i samarbeid med IT.

Pedagogisk bruk av teknologi:

  • Delta aktivt i arbeide med å utforske og implementere løysingar basert på kunstig intelligens for å styrke læringsopplevinga og effektiviteten ved høgskulen.
  • Vurdering og implementering av pedagogiske teknologiske verktøy for å støtte undervisnings- og læringsprosessane.
  • Systematisk evaluering av teknologiske og pedagogiske ressursar ved høgskulen.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Utdanning på minimum bachelornivå innan IT, pedagogikk, eller relaterte felt. Erfaring og relevant realkompetanse kan erstatte delar av utdanningskravet.
  • Minimum 2 års relevant arbeidserfaring, særleg innan høgare utdanning og læringsteknologi.
  • Inngåande kjennskap til utvikling og drift av læringsplattformar som Canvas.
  • Erfaring med integrasjon av ulike IT-system.
  • Sterke skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner på norsk og engelsk.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Kjennskap til anbodsprosessar og vurdering av teknologiske verktøy og tenester, medrekna kunstig intelligens.
  • God kjennskap til universell utforming av IKT.
  • Forståing for korleis teknologi kan brukast til å støtte og forbetre pedagogiske prosessar.
  • Evne til å vurdere og anbefale pedagogisk programvare.
  • Evne til å presentere kompleks informasjon på ein klar og forståeleg måte

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig, proaktiv, og resultatorientert.
  • Evne til å tilpasse seg endringar og ny teknologi.
  • Komfortabel med å veksle mellom det operative og det meir langsiktige.
  • Stor gjennomføringsevne.
  • Særs gode samarbeidsevner.

Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar Robert Isaksen, e post:Karl.Robert.Isaksen@hvl.no

2) Rådgjevar Maia Vatlestad, tlf. 57 67 60 99

Søk stilling

Powered by Labrador CMS