LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Rådgjevar (jurist) - Eining for eksamen

Søknadsfrist: 04.12.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for studieadministrasjon er ein del av høgskulen sin fellesadministrasjon og høyrer til under prorektor for utdanning. Avdelinga har ansvar for eksamen, studentopptak og førstelinjeteneste, og eit medansvar for studentrekruttering.


Eining for eksamen har 26 tilsette fordelt ved alle fem campus: Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og Stord.

Ved Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for studieadministrasjon, Eining for eksamen, er det ledig ei fast stilling i 100% som rådgjevar (jurist).

Om stillinga:

Stillinga er knytt til til Eining for eksamen som har ansvar for organisering og gjennomføring av eksamen ved høgskulen. Stillinga vil ha eit særleg ansvar for sakshandsaming knytt til fuskesaker og formelle feil ved eksamen. Til stillinga vil det og liggje ansvar for rutineutvikling og informasjonsarbeid for å førebyggje fusk ved høgskulen.

Arbeidsstad er eit av HVL sine fem campus; Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal eller Stord.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Sakshandsaming (søknads- og klagehandsaming av enkeltvedtak), med fokus på fusk og formelle feil ved eksamen
  • Førebyggjande arbeid knytt til fusk
  • Gi råd i sakshandsaming i eininga
  • Samarbeid med fakulteta sine faglege- og administrative tilsette
  • Delta i kompetanseutvikling av sakshandsamarar og fagleg tilsette

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare utanning med minst bachelorgrad, helst mastergrad, innan juridiske fag
  • Erfaring frå liknande arbeid i universitets- og høgskulesektoren vil bli vektlagt
  • Erfaring frå sakshandsaming i offentleg sektor er ein fordel
  • Evne til å arbeide med rutineutvikling og kompetanseheving hjå/med andre
  • Gode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i norsk og engelsk, god skriftleg framstillingsevne
  • God digital forståing og kompetanse

Personlege eigenskapar:

  • Fleksibel, sjølvstendig og med gode samarbeidseigenskaper
  • Trivast med å jobbe i eit hektisk miljø
  • Serviceinnstilt
  • Løysingsorientert og systematisk

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førstekonsulent er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - Rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Einingsleiar Gunhild Raunsgard, tlf.: 55 58 76 28, e-post: gunhild.raunsgard@hvl.no

2) Avdelingsleiar for studieadministrasjon Espen Fosse, tlf.: 52 70 26 16/ 917 59 332, e-post: espen.fosse@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS