Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for HR har tilsette ved alle dei fem kampusane. Avdelinga skal arbeida tett opp mot fakulteta og fellesadministrasjonen sine behov. Vidare skal leiarane støttast i utøving av arbeidsgjevaransvaret og i strategisk utviklingsarbeid innan HR-området. Avdeling for HR skal sørgje for at HVL har gode system for forvalting, og felles retningslinjer for ivaretaking av god personalpolitikk. Tenestene skal utviklast slik at tilsette og leiarane opplever HVL som ein attraktiv, trygg og utviklande arbeidsgjevar.
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for HR har ledig 100% fast stilling som rådgjevar innan HR Rekruttering
Om stillinga:
Høgskolen på Vestlandet, Avdeling for HR, har ledig ei fast stilling som rådgjevar innan HR-rekruttering.
Stillinga er knytt til Avdeling for HR. Det er denne eininga som tek hand om HR-rekrutteringsarbeidet for heile høgskulen. Blant arbeidsoppgåvene for stillingane er å bidra under utarbeiding av kravspesifikasjonar for stillingar, utarbeiding av utlysingstekstar, oppfølging av søkjarar, administrasjon av, og deltaking under intervju, sakshandsaming, kvalitetssikring og utarbeiding av tilbod om stilling.
Det vil også liggje andre personaladministrative oppgåver til stillingane, som å følgja opp ulike førespurnadar frå leiarar, tilsette, søkjarar og tillitsvalte på arbeidsfeltet.
Det er om lag 16 årsverk knytt til HR-rekrutteringsarbeidet ved høgskulen, så den som vert tilsett kjem inn i eit etablert fagmiljø med høg kompetanse og eit utstrekt og nært samarbeid om utføringa av arbeidsoppgåvene.
Arbeidsstaden er ved campus Haugesund eller campus Stord etter kva søkjar ønskjer.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Personaladministrative oppgåver med særleg vekt på handsaming av tilsettingssaker, herunder deltaking i intervju
Generell sakshandsaming, utreiingsoppgåver, opplæring og anna
Leiarstøtte innan HR
Bidra til kvalitetssikring og -utvikling i det daglege arbeidet
Vidareutvikling av rutiner med fokus på effektive arbeidsprosessar
Andre oppgåver innan HR feltet kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
Relevant høgare utdanning med minimum fullført bachelorgrad, helst mastergrad
Administrativ erfaring, relevant erfaring med sakshandsaming
Solid kjennskap til bruk av administrative datasystem og generelt god IKT-kompetanse
Gode skriftlege og munnlege språkkunnskapar innan norsk og engelsk
Det er også ønskjeleg med:
Erfaring med HR-arbeid
Erfaring frå UH-sektoren
Erfaring med rekrutteringsarbeid
Personlege eigenskapar:
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Evne til å ta initiativ, jobbe sjølvstendig og i team
Stor arbeidskapasitet og god serviceinnstilling
Fleksibilitet og fagleg engasjement
Systematisk og kvalitetsbevisst
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga vert løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - Rådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Nestleder for Avdeling for HR, Anne Marit Morken, +47 55 58 79 30