LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Rådgivar innan internasjonalt kunnskapssamarbeid

Søknadsfrist: 24.11.2024

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon omfattar felles administrasjon og forvaltning knytt til høgskulen sine forskings- og innovasjonsaktivitet samt internasjonaliseringsaktivitet. Avdelinga skal utviklast vidare og støtte opp under den faglege profilen og universitetsambisjonen til HVL

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon har ledig ei fast stilling i 100 % som rådgivar.

Vi søker ny medarbeidar innan ansvarsområdet internasjonalt kunnskapssamarbeid. Vedkomande må ha god kjennskap til og erfaring frå ansvarsområdet og vil jobbe både praktisk og strategisk med dette feltet. Hovudoppgåver vil være knytt til mobilisering og administrativ støtte til utvikling av søknadar om eksterne midlar innan Erasmus+ og Hk.dir. sitt internasjonale verkemiddelapparat. I tillegg vil sakshandsaming, utgreiing og analyse inngå i stillinga. Stillinga kan bli tillagt andre oppgåver etter behov.Arbeidsstaden er campus Førde, Sogndal, Bergen, Stord eller Haugesund.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Yte administrativ støtte til internasjonalt kunnskapssamarbeid, mellom anna søknader om og oppfølging av internasjonale prosjekt

  • Være oppdatert på eksterne finansieringskjelder/ program knytt til internasjonalt kunnskapssamarbeid
  • Jobbe proaktivt for å få fleire HVL-tilsette til å søke eksterne midlar til internasjonalt kunnskapssamarbeid. 
  • Utgreiing og analyse og utarbeiding av saker til styre, råd og utval.
  • Sakshandsaming innan ansvarsområdet.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare utdanning på minimum masternivå eller tilsvarande. 
  • Relevant erfaring frå internasjonalt kunnskapssamarbeid
  • God kunnskap om internasjonalisering innan høgare utdanning
  • God kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Ønskede kvalifikasjonar:

  • God kunnskap om og erfaring frå Erasmus+
  • God kunnskap om og erfaring med Hk.dir. sitt verkemiddelapparat for internasjonalt kunnskapssamarbeid
  • God kunnskap om og erfaring med samarbeid med Noregs prioriterte samarbeidsland for kunnskapssamarbeid utanfor EU 
  • God kunnskap om og erfaring med studentutveksling

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
  • Evne til å ta initiativ og vere ein pådrivar
  • Evne til å arbeide strukturert og systematisk
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og løysingsorientert
  • Omgjengeleg, utadvendt og med evne til å trivast i eit travelt miljø

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som rådgivar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - tittel.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Nestleiar Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon, Elin Kvaale, 55 58 55 52

Søk stilling

Powered by Labrador CMS