Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Med verknad frå 1. januar 2024 blir det etablert eit nytt fakultet ved HVL, som er resultat av ei samanslåing av dagens Fakultet for ingeniør- og naturvitskap og Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap.
Fakultetet vil romme eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innanfor ingeniør- og naturfag, økonomiske og administrative fag, maritime fag, samfunnsvitskap og humaniora, i tillegg til phd-utdanningar i datateknologi og i nautiske operasjonar
Fakultetsadministrasjonen, som er leia av administrasjonssjef, skal gje støtte til leiarar og administrativ og fagleg aktivitet i fakultetet i samarbeid med dei fellesadministrative tenestene innan HR, økonomi, studieadministrasjon og forskingsadministrasjon.
Administrasjonssjef sit i leiargruppa til dekan saman med instituttleiarane, prodekanar med strategisk ansvar for høvesvis forsking, utdanning og innovasjon.
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for ingeniør - og naturvitskap har ledig stilling i 100 % som rådgjevar - studierettleiar, campus Førde
Stillinga er knytt til fakultetsadministrasjonen og har arbeidsstad ved campus Førde.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Rettleiing av studentar
Sakshandsaming i studentsaker
Administrativ støtte til råd og utval
Årleg studieplanarbeid
Oppfølgjing av utdanningsplanar på individnivå i samarbeid med utdanningsleiinga
Administrative oppgåver knytt til utvikling og planlegging av studie- og emneplanar for bachelor og masternivå
Administrative formidlingsoppgåver knytt til studieprogramma
Utarbeiding av rapportar, analyser og utgreiingar til leiar og interne utval i fakultetet
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga ved behov
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
Høgare utdanning på minimum bachelornivå, fortrinnsvis mastergrad
Administrativ erfaring og spesialkompetanse tilpassa funksjonane i stillinga
God administrativ IT- kompetanse
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Ønskjelege kvalifikasjonar:
Det er ønskjeleg med erfaring med fellessystema FS og P360
Det er ein fordel med kjennskap til faga og utdanningane du skal arbeide med, men det er ikkje eit krav
Personlege eigenskapar:
Vi søkjer ein engasjert person med gode samarbeids- og koordineringsevner
Du må evne å arbeide sjølvstendig, vere analytisk, ta initiativ og yte god service
Du må bidra til godt samarbeid internt på fakultetet og med relevante einingar i HVL sin fellesadminstrasjon
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som rådgjevar - studierettleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.