LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Forskningsrådgjevar / seniorrådgjevar - Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, eining for forskning

Søknadsfrist: 18.12.2025

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 5000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) er den største lærarutdanninga og den nest største barnehagelærarutdanninga i landet. I tillegg har fakultetet utdanningstilbod og forsking innan idrett, friluftsliv, folkehelse, kunstfag og teiknspråk og tolking.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har om lag 5830 studentar og 545 årsverk fordelt på campusane i Bergen, Sogndal og Stord. Fakultetet tilbyr utdanningar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå og har eit tett samarbeid med samfunn- og arbeidsliv. 

Forskinga ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett er organisert i fem forskingsprogram og eitt forskingssenter, med mål om å styrke profesjonsretta og praksisnær forskning.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, eining for forskning, har ledig stilling som forskningsrådgjevar/seniorrådgjevar

Som forskingsrådgivar/seniorrådgjevar får du varierte og samfunnsnyttige oppgåver – frå koordinering av ph.d.-programmet og støtte til disputasar og midtvegsevalueringar, til arbeid med etikk, internasjonalisering, budsjettoppfølging og forskingsformidling. Du vil også bidra til å utvikle digitale informasjonskanalar og sikre god informasjonsflyt i eit aktivt og tverrfagleg forskingsmiljø.

Dette er stillinga for deg som trivst med ansvar, har god oversikt og ønskjer å vere tett på forsking i praksis. Du får høve til å jobbe i eit dynamisk fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement – og du blir ein viktig del av HVLs satsing på forskarutdanning og kunnskapsutvikling.

Stillinga er lagt til prodekan for forsking si eining der den inngår i eit team med oppgåver knytt til ph.d.-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" og til forskingsprogramma i fakultetet. Administrasjonen i forskingseininga er ein del av fakultetsadministrasjonen som er fordelt på campusane Bergen, Sogndal og Stord. Hovudarbeidsstad for stillinga vil vere på éin av desse campusane. Ønska tilsetjingstidspunkt er 01.01.2026.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Administrativ støtte for forskingsleiinga i fakultetet 
  • Koordinering og administrasjon av ph.d.-programmet og administrativ støtte ved gjennomføring av midtvegsevaluering, disputasar og andre FoU-arrangement 
  • Saksutgreiing, rapportering og oppfølging av saker som gjeld ph.d.-program og forskingsprogramma 
  • Bidra i arbeid med etikk og personvern i forsking og forskarutdanning 
  • Vidareutvikling av digitale informasjonskanalar for FoU-verksemda til fakultetet 
  • Bidra i arbeid med internasjonalisering og mobilitet 
  • Informasjonsflyt og formidlingsarbeid
  • Bidra inn mot budsjettoppfølging og økonomistyring i ph.d.-programmet
  • Delta og bidra på andre saksfelt etter behov

Arbeidsoppgåvene kan bli endra som følgje av strategiske vedtak i HVL.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant høgare utdanning på minimum masternivå 
  • Relevant administrativ erfaring
  • Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk, med flytande meistring
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i engelsk
  • God digital kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Det er ein fordel om vedkommande har erfaring med forskingsetikk og personvern
  • Spesialistkompetanse innanfor eit eller fleire av ansvarsområda i stillinga er ein fordel 

Personlege eigenskapar:

  • Vi søkjer etter ein engasjert og fleksibel medarbeidar som kan arbeide sjølvstendig og strategisk
  • Du har sans for god systematikk og ser etter nye, kreative måtar å driva forenklings- og forbetringsarbeid på
  • Vi søkjer ein gjennomførar og ein god tilretteleggjar og pådrivar for høg kvalitet i forskingsadministrativt arbeid med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

For særleg kvalifiserte søkjarar kan stilling som seniorrådgivar vurderast

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar eller 1364- seniorrådgiver

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan bli brukt i behandlinga av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Prodekan, Tiri Beate Bergesen Schei, fageining for forskning FLKI, Tiri.Beate.Bergesen.Schei@hvl.no, +47 55 58 58 16

Søk stilling

Powered by Labrador CMS