LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Postdoktor i teiknspråk og tolking

Søknadsfrist: 14.04.2024

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium. 

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har omlag 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.

Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdnningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ein mellombels stilling som postdoktor i teiknspråk og tolking ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Stillinga er retta mot Fakultetets strategiske satsing på teiknspråk og tolking, og vil bidra til å styrke teiknspråk i Noreg og tolking på tvers av språk og kultur. 

Stillinga er knytt prosjektet «Avbilding i teiknspråk, som ein drivkraft til å fremja inkludering, kommunikasjon og oversetting (DEPICT)» som finansierast med midlar frå Noregs Forskningsråd (LENKE TIL NETTSIDA). Prosjektets mål er å undersøke avbilding og kva for ein rolle det har i kommunikative praksisar hos teiknspråkbrukarar.

Stillingas prosjekt og publiseringar vil være knytt til Arbeidspakke 1 i DEPICT, som har som mål å undersøka korleis leksikale avbildande teikn vert prosesserte hos ulike teiknspråklege personar i Noreg. Ein ideell kandidat vil skissera eit prosjekt som inkorporerer situert språkbruk med bruk av psykolingvistiske eksperimentelle paradigme.

Stillinga lysast ut over 2 år utan pliktarbeid. Postdoktoren vil vere ein del av HVL sitt fagmiljø innafor teiknspråk og tolking, forskargruppa Teiknspråk, tolking, lingvistikk og kommunikasjon (TOLK), og det strategiske forskingsprogrammet Språk, Kommunikasjon og Læring (SKoL). Postdoktoren forventast å avslutte prosjektet sitt innanfor toårs perioden. Postdoktoren vil ha sin arbeidsstad/tilknyting til Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Campus Bergen. Det kan åpnes for at kandidaten kan ha arbeidssted ved Fakultet for språk og litteratur ved NTNU.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Innanfor arbeidspakke 1 kommer postdoktoren å:

  • Samle data til sitt prosjekt
  • Samarbeide om eksperimentell design og produksjon av forsøk
  • Delta i dataanalyse

I tillegg til arbeid innanfor arbeidspakken er det forventingar om at den som vert tilsett, er forventa å samarbeide godt med andre deltakarar i prosjektet og til å delta aktivt i nettverksaktivitetar. Aktiviteten skal resultere i minimum tre publikasjonar skrivne anten saman med andre i prosjektet eller åleine, publisert i nasjonale og internasjonale fagfellevurderte tidsskrift: Det er forventa at postdoktoren er forfattar eller medforfattar på minst ein publikasjon på nivå 2. Postdoktoren må vidare rekne med ein del reising i samband med datainnsamling/feltarbeid. Høgt etisk medvit i møte med informantar er naudsynt.

Kvalifikasjonskrav:

Doktorgrad relevant for fagområdet teiknspråk og tolking må vere oppnådd ved oppstart av stillingen (august 2024), for eksempel innan språk, kommunikasjon, lingvistikk og kognitiv psykologi (men er ikkje avgrensa til dei). Søkarar med doktorgrad frå andre fag som kan dokumentere god kjennskap til tematikken i utlysinga, t.d. gjennom fagleg vinkling på doktoroppgåva, kan og vurderast som kvalifiserte.

Ved bedømming skal hovudvekta leggjast på søkjar sine kvalifikasjonar for tematikken i DEPICT-prosjektet generelt og arbeidspakke 1 spesielt, samt på kvaliteten i tidlegare forsking og innleverte vitskaplege arbeid. I vurderinga av søkjarane vil vi leggje vekt på søkjar sin motivasjon, potensiale for forsking, sjølvstende, samarbeidsevne og om søkjar er personleg eigna for stillinga. Erfaring frå popularisering/formidling og administrativt arbeid vil òg bli tillagt vekt.

Følgjande kvalifikasjonar vil bli særskilt vektlagt:

  • Faglege kvalifikasjonar innanfor avbilding i teikna språk, med hovudvekt på kvalitet i doktoroppgåva og andre vitskapelege arbeid
  • Kompetanse i eit eller fleire teiknspråk

Ønska kvalifikasjonar:

  • Har god kjennskap til teiknspråk og kommunikasjon på tvers av landegrenser
  • Har erfaring med å administrere og gjennomføre ulike prosjekt
  • Lingvistisk kompetanse for å kunne identifisere og analysere teiknspråklege dat
  • Kompetanse i bruk av annoteringsverktøyet ELAN
  • Erfaring å bruke R eller andre program for statistisk analyse
  • Avansert/førstespråkskompetanse i norsk teiknspråk
  • Avansert kompetanse i skriftleg engelsk

Personlege egenskapar:

  • God evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
  • God samarbeidsevne
  • Evne til å ta initiativ
  • Høgt etisk medvit i møte informantar er påkravd

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • Vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Attestar og vitnemål.

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som Postdoktor er lønt etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1362 - Postdoktor.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Førsteamanuensis Gro Hege Saltnes Urdal, tlf. +47 55 58 59 61 og e-mail: Gro.Hege.Saltnes.Urdal@hvl.no

2) Førsteamanuensis Benjamin Anible, e-mail: benjamin.d.anible@ntnu.no

  Søk stillinga

Powered by Labrador CMS