LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Postdoktor i robotikk ved HVL Robotics lab

Søknadsfrist: 08.09.2024

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 årsverk og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for teknologi, miljø - og samfunnsvitskap har om lag 300 tilsette og om lag 3200 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi.

Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også desentralisert utdanning i Florø, Kristiansund og på Stord.

Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling som postdoktor ved Fakultet for teknologi, miljø - og samfunnsvitskap.

Institutt for datateknologi, elektroteknolog og realfag ved Høgskulen på Vestlandet har ledig mellombels stilling som postdoktor i robotikk. Stillinga er knytt til HVL Robotics Lab, eit forsking- og innovasjonssenter i robotikk etablert med støtte frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Postdoktor-stillinga vil jobbe tett saman med samarbeidspartnarar i næringslivet for å stimulere til meir forskingsbasert innovasjon innan robotikk, og med eit særleg fokus på samarbeidande robotar.

Kandidaten vil vere fagleg knytt til doktorgradsprogrammet i Datateknologi: programvareutvikling, sensornettverk og berekningsorientert ingeniørvitskap ved Fakultetet for teknologi, miljø - og samfunnsvitskap. Forskingsprogrammet innan datateknologi har i dag 20 professorar og førsteamanuensisar, meir enn 30 PhD-kandidatar, og mange masterstudentar.

Om postdoktorprosjektet

Postdoktoren skal utføre eit sjølvstendig forskingsarbeid innanfor robotikk på tema som HVL Robotics Lab arbeider med, og med eit særleg fokus på menneske-robot samarbeid i industrielle prosessar. Det blir forventa at kandidaten tek ansvar og initiativ til vitskapleg publisering, forskingssøknader i samarbeid med næringslivet, utvikling av eksperimentelle prototypar, og for å bygge eit godt fagmiljø innan robotikk ved HVL.

Forskingsmiljø

Stillinga er knytt til HVL Robotics Lab, eit forskings- og innovasjonssenter i robotikk ved HVL som har tett samarbeid og fleire forskings- og innovasjonsprosjekt med næringslivet. Senteret har som hovudmålsetting å drive næringsrelevant forsking innan robotikk for relevante bedrifter i regionen, og har eit særleg fokus på samarbeidande robotar – robotar som samarbeider tett med menneske. HVL Robotics Lab har og fleire forskingsprosjekt knytt til mjuke og fleksible robotar med særleg nytte mot landbruksnæringa og i frukt- og bærproduksjon. I tillegg har senteret fleire pågåande prosjekt knytt til bruk av teknologi i helsesektoren – spesielt retta mot rehabilitering etter hjerneslag.

Kandidaten som vert tilsett vil bli ein del av eit raskt voksande fagmiljø med fire faste fagstillingar, tre doktorgradskandidatar, to andre postdoktorstillingar, og ein senior labingeniør i robotikk. Fagmiljøet samarbeider og med andre fagstillingar innan datateknologi og realfag ved HVL. Stillinga har arbeidsstad ved vår avanserte Robotlab på campus Førde, og er knytt til doktorgradsprogrammet i Datateknologi: programvareutvikling, sensornettverk og berekningsorientert ingeniørvitskap ved HVL. Forskingsmiljøet i datateknologi ved HVL har eit sterkt fagmiljø med fokus på brukar-retta og anvendt forsking, og på IKT som mogleggjerande teknologi. Forskingsmiljøet har samarbeid med eit breitt spekter av nasjonale og internasjonale forskingsgrupper, og med viktige nasjonale og regionale næringslivsaktørar. Forskingsprogrammet inkluderer forskingsfelta på programvareutvikling, berekningsorientert ingeniørvitskap, sensornettverk og robotikk, datavitskap og maskinlæring. 

Det er ei målsetting at den som vert tilsett i stillinga skal kunne kvalifisere seg for vitskapleg toppstilling som professor, og at postdoktorstillinga skal vere ein del av denne kvalifiseringsprosessen. Det kan difor også vere relevant med undervisningsoppgåver i stillinga samt rettleiing av PhD-prosjekt eller masteroppgåver knytt mot sivilingeniør/mastergraden i Anvendt datateknologi og ingeniørvitskap ved instituttet.

Kandidaten vil i stillinga få eit årleg stipend for reiser knytt til vitskaplege konferansar, forskingsopphald og til mindre vitskapleg utstyr. I tillegg vil kandidaten ta del i prosessar rundt vidare utvikling og kjøp av infrastruktur og ustyr i HVL Robotics Lab.

Kandidaten vil jobbe tett med samarbeidspartnarar i regionalt næringsliv om nye prosjektinitiativ i form av søknader til forskings- og innovasjonsprosjekt mot Noregs forskingsråd (NFR) og EU.

Om stillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling med tilsetting på 3 år. Det kan verte aktuelt å forlenge tilsettingsperioden i inntil eitt år på grunnlag av avtalte undervisningsoppgåver i stillinga. Ingen kan tilsettast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Tilsetting i stilling som postdoktor har som hovudmål å kvalifisere for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Postdoktoren vil vere ein del av HVL sitt fagmiljø innafor robotikk og datateknologi. Postdoktoren forventast å avslutte forskingsarbeidet innanfor åremålsperioden.

Postdoktoren vil ha sin arbeidsstad/tilknyting til Fakultet for teknologi, miljø - og samfunnsvitskap, Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag, Campus Førde.

Det er ønskjeleg at kandidaten kan ta til i stillinga så raskt som mogleg, og kandidaten sine føresetnader for å starte raskt i stillinga vil bli tatt med i rangeringa av kandidatane.

Ansvars- og arbeidsområde:

Arbeids og ansvarsområde

Som postdoktor i robotikk ved HVL Robotics Lab vil du

  • Drive eit sjølvstendig forskingsprosjekt på robotikk på eit tema som fell inn under satsingsområda i HVL Robotics
  • Delta i eksternfinansierte forskings- og innovasjonsprosjekt saman med næringslivet
  • Delta i søknadsprosessar for ekstern finansiering frå NFR og EU
  • Publisere aktivt frå forskings- og innovasjonsprosjekt saman med næringslivet, og frå eigen forskingsaktivitet knytt til HVL Robotics Lab
  • Delta i formidlingsaktivitetar i samband med rekruttering og forskingsformidling
  • Delta i rettleiing av doktorgradsprosjekt og masterprosjekt i robotikk
  • Delta i andre undervisningsoppgåver knytt til robotikk etter avtale

Kvalifikasjonar:

Kandidaten må ha norsk doktorgrad (ph.d.) eller tilsvarande innan robotikk, kybernetikk, automatisering, mekatronikk eller datateknologi med fokus på robotikk. Søkarar med doktorgrad frå andre nærståande fagområde som kan dokumentere god kjennskap til robotikk, t.d. gjennom fagleg retning for doktorgradsavhandlinga, kan og vurderast som kvalifiserte. For søkarar som ikkje har disputert er det ein føresetnad at doktorgradsarbeidet er levert til vurdering før søknadsfristen for stillinga. Det er ein føresetnad for tiltreding i stillinga at disputasen er godkjent.

Søkarar vil først bli rangerte etter relevans til fagområdet robotikk, og kvalifikasjonar i høve satsingsområdet menneske-robot samarbeid og robotlæring, samt erfaring og føresetnader for å samarbeide tett med regional næringsliv. Søkaren sine kvalifikasjonar for å kunne kommunisere flytande på eit skandinavisk språk vil telje inn her.

Dei mest relevante søkarane vil deretter bli rangert ut i frå vitskaplege kvalifikasjonar i høve omfang og nivå på vitskapleg publisering, erfaring med prosjektutvikling og søknader om ekstern finansiering, og erfaring med undervisning og rettleiing av studentar på master og doktorgradsnivå. Kvalifikasjonar og erfaring innan tilgrensande fagområde som t.d. billedananlyse, maskinlæring og systemutvikling vil telje positivt ved rangering. Erfaring med utvikling av prototypar og eksperimentelle studiar vil også telje positivt, samt praktiske programmeringskunnskapar i t.d. Python og Matlab, og erfaring med bruk av ROS. Tema, omfang og ambisjonsnivå på eit eventuelt vedlagt prosjektforslag for postdoktorperioden vil og kunne telje positivt ved rangering av kandidatane.

Kandidaten må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeids- og formidlingsevner. Det er forventa at kandidaten har evne til å utføre og publisere forskingsarbeid på eit høgt internasjonalt nivå. Kandidaten bør vere fagleg entusiastisk og ambisiøs innan fagområdet, og ha evne til å skape gode relasjonar til kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar.

Den som vert tilsett må ha gode engelskkunnskapar både skriftleg og munnleg, og det er sterkt ønskjeleg at den som vert tilsett beherskar eit skandinavisk språk flytande ved tilsettingstidspunktet for å kunne kommunisere godt med regionale samarbeidspartnarar.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Søkarane til stillinga vil verte vurderte av ein sakkunnig komitè med tre medlemmer. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar bli innkalla til intervju og prøveforelesing.

Følgande dokumentasjon skal lastast opp som eit vedlegg til den digitale søknaden:

  • Inntil 5 vitskaplege arbeid (vitskaplege fagfellevurderte artiklar)
  • CV, inkludert komplett publikasjonsliste samt liste over prosjektsamarbeid med næringslivet
  • Vitnemål frå PhD, master og bachelorgrad
  • PhD-avhandling dersom den er på engelsk eller eit skandinavisk språk, eller samandrag av PhD-avhandling på engelsk dersom avhandlinga er på eit anna språk.
  • Master-avhandling dersom den er på engelsk eller eit skandinavisk språk, eller samandrag av Master-avhandling på engelsk dersom avhandlinga er på eit anna språk
  • Andre relevante attester, sertifikat, kursbevis, eller liknande
  • Frivillig: Prosjektforslag for postdoktorprosjektet (ikkje meir enn 3 sider)

Søkaren må indikere kva prosjekt/publikasjonar, eller delar av desse, som skal vektast mest i vurdering av søknaden. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Vitnemål må klart emne, innhald og karakterar på bachelor- og masternivå.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Kun dokumentasjon lagt ved den digitale søknaden via Jobbnorge innan søknadsfristen vil bli teken med i evalueringa av søknaden. Søkaren er ansvarleg for at all relevant dokumentasjon er lagt ved, og det er særs viktig at publikasjonar som skal ligge til grunn for evalueringa ligg ved som vedlegg til søknaden, sidan søknaden vert sendt elektronisk til evalueringskomiteen. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Eit kompetent fagmiljø i rask vekst
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som postdoktor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1352 - Postdoktor

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til bruk i handsaming av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Professor Erik Kyrkjebø, 57 78 62 85, Erik.Kyrjebo@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS