LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

PhD-stilling knytt til alkoholbruksliding hjå pasientar som har gjennomgått fedmekirurgi

Søknadsfrist: 10.04.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem kampus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og naturfag, lærarutdanning og økonomi, samfunnsfag og maritime studier.

HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.


Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Spennande stipendiatstilling

Om stillinga

Ved fakultet for helse- og sosialvitskap på Høgskulen på Vestlandet (HVL), er det ledig ei 100% mellombels stilling som stipendiat innan sjukepleie eller andre relevante helsefag med arbeidsplass på ein av HVL sine campus (Førde, Sogndal, Bergen, Stord eller Haugesund).

Stipendiaten skal gjennomføre si ph.d.-utdanning innanfor eit godkjent opplegg med ei tidsramme på 3 år. Alternativt kan tidsramma etter avtale vere 4 år, der 25% av tida vil utgjere pliktarbeid i form av undervisning, utviklingsarbeid eller administrasjon ved HVL.

Stipendiaten vil inngå i forskingsgruppe for persontilpassa helsetenester (PERSONFORSK), med hovudmål å bidra med forsking av høg kvalitet og internasjonalt gjennomslag, som fører til betre og meir persontilpassa helsetenester. PERSONFORSK har spesielt fokus på helsehjelp der samanhengen mellom psykiske-, sosiale- og somatiske ressursar og vanskar er viktig. I dette målet ligg det at kunnskapsbidraga frå gruppa skal ha klar relevans og nytte for helsetenester og personar som brukar helsetenester.

Den som blir tilsett vil få ta del i eit spanande fagmiljømiljø med forskarar både frå Noreg og utlandet.

Det kan bli gjort frådrag i tilsettingsperioden for eventuell tidlegare rekrutteringsperiode.

Stipendiatstillinga er ei rekrutteringsstilling som skal bidra til et aktivt forskingsmiljø ved HVL.

Det er ønskeleg med oppstart i stillinga seinast 01.08.2023.

Om prosjektet

Stipendiatstillinga inngår i prosjektet Førebygging og handtering av alkoholbruksliding hos pasientar som har gjennomgått fedmekirurgi.

Bakgrunnen for prosjektet er at pasientar som blir behandla med fedmekirurgi har auka risiko for å utvikle alkoholbruksliding. Det at alkohol verkar sterkare og annleis når mage/tarm anatomien blir endra etter operasjon spelar ei viktig rolle.

Prosjektet vil bringe saman klinikarar, brukarrepresentantar og forskarar. Prosjekt sitt mål er å skaffe ny kunnskap for å kunne utvikle faglege tilrådingar for førebygging og handtering av alkoholbruksliding hos pasientar som blir behandla med fedmekirurgi i Noreg.

Søkjar må vere budd på ein del reising i samband med datasamlinga i prosjektet.

  • Del 1 er å kartlegge dagens praksis for førebuing og oppfylging av pasientar som gjennomgår fedmekirurgi. I samband med dette vil ein særleg studere korleis ein førebygger og handterer alkoholbruksliding . Det vil bli brukt feltstudiar på norske sjukehus, kvalitative intervju med helsepersonell og pasientar, og dokumentanalyse.
  • I del 2 vil ein evaluere ein ny metode for å identifisere, førebygge og handtere alkoholbruksliding i praksis ved eit sjukehus. Vi vil undersøke helsepersonell og pasientar sine erfaringar med den nye metoden ved hjelp av kvalitative intervju.
  • Del 3 er å samle eit panel med helsepersonell og pasientar for å utarbeide faglege tilrådingar for å førebygge og handtere alkoholbruksliding hos pasientane i ulike fasar av behandlingsforløpet ved fedmekirurgi.

Stipendiatstillinga vil hovudsakleg vere knytt til del 1 og 2.

Etter tilsetting vil kandidaten saman med rettleiar utarbeide ein detaljert plan for prosjektet og forskarutdanninga som skal knytast til opptak ved ph.d.- utdanninga «Helse, funksjon og deltaking ved HVL.

Endeleg plan for doktorgradsutdanninga skal vere godkjent og avtalefesta seinast tre månader etter oppstart i stillinga.

Interesserte søkjarar kan ta kontakt med prosjektleiar og hovudrettleiar professor John Roger Andersen for å få tilsendt prosjektplan.

Kvalifikasjonskrav:

Krav til stillinga:

  • Mastergrad innan sjukepleie eller andre helsefag som er relevante i oppfølginga av pasientgruppa
  • Mastergradsoppgåva må vere levert til vurdering innen søknadsfristen, og mastergraden (120 studiepoeng eller tilsvarande) må vere godkjent innan søknadsfristen
  • Karakteren på masteroppgåva skal normalt vere B eller betre og gjennomsnittskarakteren for studiedelen skal normalt vere B eller betre.
  • Personen som blir tilsett må dekke krava til opptak til Ph.d. programmet «Helse, funksjon og deltaking»
  • Søkar må ha gode ferdigheiter i norsk og engelsk, skriftleg og munnleg

Søkjar må legge ved eit refleksjonsbrev på inntil 2 sider om motivasjon til å gjennomføre ei ph.d.-utdanning med tankar og perspektiv om prosjektet relatert til tematikk og metodisk tilnærming.

Ønska kvalifikasjonar

  • Erfaring med prosjektarbeid, formidling og rettleiing
  • Har tidlegare publikasjonar med relevans for utlysinga
  • Faglege kvalifikasjonar innan temaområdet i prosjektet
  • Relevant metodekompetanse

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • God evne til å arbeide effektivt og systematisk
  • Evne til å ta initiativ og ansvar
  • Trivast med å arbeide i tverrfagleg team
  • Evne til nytenking og gjennomføring
  • Kunne arbeide sjølvstendig og samtidig bidra til fellesskapet i fagmiljøet generelt og i forskingsgruppa spesielt
  • Høg etisk medvit i forskingsarbeidet

Tilleggskrav:

Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter eventuell tilsetting. Stipendiaten må vere teken opp på ph.d.-utdanninga seinast 3 månader etter tilsetting.

Nærare informasjon om P.hd-program ved Fakultet for helse- og sosialvitskap er å finne på HVL si heimeside.

Korleis søke på stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • masteroppgåve/hovudfagsoppgåve
  • inntil fem vitskaplege arbeid ein ønskjer å ha med i vurderinga
  • fullstendig publikasjonsliste
  • refleksjonsbrev
  • attestar og vitnemål

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 25 MB må desse komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT sin generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarer med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid, slik søknad bør difor sendast så tidleg som mogleg når du veit at du vil søkje stipendiatstilling. Dersom du ikkje har fått svar frå NOKUT innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har motteke søknaden din.

Søkjarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkunnig komité. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse. Med grunnlag i komiteen si innstilling, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju. Tilsettingsutvalet ved Fakultet for helse- og sosialvitskap er tilsettingsorgan.

Søknadane blir sendt elektronisk til den sakkunnige komitéen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida

Stillinga er løna i stillingskode 1017 - Stipendiat, lønssteg 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg, sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Professor John Roger Andersen e-post john.roger.andersen@hvl.no tlf 57 67 76 16

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS