LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Vitskapleg assistent - MetaLearn

Søknadsfrist: 06.12.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.
Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har omlag 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.

Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdnningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet
Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt.
Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt.
I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling som vitskapleg assistent i 100% stilling ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillinga er knytt til prosjektet «Metalinguistic awareness in early instructed language learning» (MetaLearn), faggruppa i engelsk ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking. Tilsettingsperioden er eitt år frå tiltreding.

Arbeidsstaden er campus Bergen

Ansvars- og arbeidsområde:

Generelt:

Stillinga som vitskapeleg assistent skal gje moglegheit for innsikt i vitskapleg eller kunstnerisk arbeid og metode. Arbeidsoppgåvene ligg på eit akademisk nivå og består av vitskapleg eller kunstnerisk assistanse. I samband med dette kan vedkommande påleggjast undervisning, laboratoriearbeid og tilsvarande arbeid.

Arbeidsoppgåvene vil kunne bestå av følgjande:

  • administrativt og organisatorisk støtte i forskingsprosjektet (alt frå kopiering til organisering av internasjonale prosjektmøter)
  • førebu og delta i datainnsamling
  • klargjere kvantitative og kvalitative data for analyse
  • støtte i forskingsformidling

Kvalifikasjonskrav:

Formelle kvalifikasjonar

  • MA- eller BA-grad med norsk eller engelsk med språkfagleg eller språkdidaktisk innretning er ein føresetnad. Anna mastergrad, t.d. psykologi eller samfunnsfag, kan og vere relevant om relevansen er tilstrekkeleg dokumentert.
  • God kunnskap i Office pakken (Word, PowerPoint osv.) forventast, god kunnskap i Excel er ein fordel.
  • Særs gode munnlege og skriftlege engelsk og norskkunnskapar er ein føresetnad.

Erfaring med liknande forskingsarbeid og relevant yrkespraksis vil telje positivt.

Erfaring frå arbeid med barn vil telje positivt.

Den som blir tilsett, må ha gode samarbeidsevner, men òg evner til å arbeide sjølvstendig, og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med personar i praksisfeltet, herunder også informantar, er påkravd.

Den som blir tilsett, må vere personleg eigna for stillinga.

Stillingskategorien vitskapleg assistent er regulert av Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent og spesialistkandidat, fastsatt av Kunnskapsdepartementet 31.1.2006 med heimel i Universitets- og høgskulelova. §1-4. I forskrifta står det mellom anna at "stillingen kan ikke besettes av personer som tidligere har vært ansatt i stipendiatstilling eller har oppnådd tilsvarende kompetanse.» Det betyr at søkjarar med doktorgrad eller tilsvarande, eller søkjarar som har hatt ei stilling som ph.d.-stipendiat, ikkje vil bli vurdert som kvalifisert for stillinga.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida

Stillinga som vitskapleg assistent vert løna etter Statens lønsregulativ i stillingskode 1019 eller 1020.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Instituttleiar Kristin Ran Choi Hinna, tlf. 905 56 083, e-post khi@hvl.no

2) Prosjektleiar for MetaLearn, Christine Möller-Omrani, tlf. 55 58 58 94, e-post cemo@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS