LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Høgskulelektor i engelsk, norsk eller natematikk, med fokus på skuleutvikling

Søknadsfrist: 01.01.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har omlag 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdnningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt.
I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig to mellombelse stillingar som høgskulelektor i engelsk, norsk eller matematikk, med fokus på skuleutvikling

Stillingane inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking og er ledig i tida 01.08.2023 - 31.07.2024. Stillingane er 100% men det er mogleg å søke om lågare stillingsstorleik.

Stillingane inngår i fakultetet sitt arbeid med ordninga Desentralisert kompetanseutvikling i grunnskulen («Dekomp»). Målet med ordninga er ei arbeidsplassbasert kompetanseutvikling der skuler i kompetanseregionar i samarbeid med høgskuler og universitet, sjølv skal analysere behova og bestemme kva tiltak dei treng. HVL bidreg i ei rekkje kommunar og skuler i Vestland, ved å delta i samarbeidsforum og fungere som utviklingspartnar for skuleeigarar og bidra med fagleg innhald i det lokale utviklingsarbeidet i skulene.

Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking er eitt av fire institutt ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett som bidreg inn i dei ulike samarbeidsprosjekta, innan temaområde som

  • Djupnelæring i eitt eller fleire av fagområda norsk, engelsk eller matematikk, gjerne ved hjelp av digitalisering
  • Læreplanarbeid
  • Analysekompetanse, både med store og små data og gjerne knytt til vurdering
  • Lesing og regning som grunnleggjande ferdigheiter
  • Inkluderande læringsmiljø
  • Kommunikasjon – motivasjon
  • Elevmedverknad
  • Programmering

No treng vi fleire tilsette som skal følgje skulene og bidra i spennande utviklingsprosjekt.

Arbeidsstaden er anten Bergen, Sogndal eller Stord

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillingane er primært knytt til skuleutvikling i faga engelsk, matematikk eller norsk, innafor ordninga Desentralisert kompetanesutvikling i grunnskulen, og har følgjande anvars- og arbeidsoppgåver:

  • Rettleie og leggje til rette for læringsprosessar på skuler og i kommunar, samt bistå skuleeigarar i anna arbeid med lokalt utviklingsarbeid.
  • Undervisning, rettleiing og vurdering av studentoppgåver i grunnutdanningane, etter- og vidareutdanningar eller anna kurs og oppdragsverksemd kan også bli aktuelt, avhengig av søkjar sin kompetanse og instituttet sine behov.
  • Fagadministrative oppgåver og deltaking i interne utviklingsprosessar på høgskulen
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen
  • Reiseverksemd i stillinga må påreknast

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • For tilsetjing som høgskulelektor må søkjar ha mastergrad/hovudfag innanfor eit av instituttet sine fagområde eller med klar relevans for stillingsprofilen (t. d. master i undervisningsvitskap / master i læring og undervisning / master i barne- og ungdomslitteratur), med gode resultat (normalt A eller B på master-/ hovudoppgåva).
  • Kompetanse og/eller erfaring frå arbeid innan eitt eller fleire av dei aktuelle temaområde i Dekomp-prosjekta.
  • Godt kjennskap til grunnskulen
  • God kjennskap til relevante digitale verktøy

Den som blir tilsett, må ha gode samarbeids- og formidlingsevne, men også evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar, tilsette og samarbeidspartar er påkravd.

Arbeids- og undervisningsspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk godt.

Den som blir tilsett, må vere personleg eigna for stillinga.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Relevant undervisningserfaring
  • Pedagogisk kompetanse
  • Digital kompetanse
  • Erfaring frå relevant utviklingsarbeid

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • Vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Attestar og vitnemål.

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008 - Høgskulelektor.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Inge Olav Haugen, assisterande instituttleiar; mail: Inge.Olav.Hauge@hvl.no, tlf 55 58 56 96

2) Kristin Ran Choi Hinna, instituttleiar; mail khi@hvl.no, tlf 55 58 59 40

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS