LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Studieadministrativ leiar - Fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS)

Søknadsfrist: 05.05.2024

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem kampus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og naturfag, lærarutdanning og økonomi, samfunnsfag og maritime studier. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.

Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap delansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i den tverrfakultære ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG).

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS), Fakultetsadministrasjonen, har ledig 100% fast stilling som studieadministrativ leiar 

Eininga som blir leia av studieadministrativ leiar skal løyse studieadministrative oppgåver knytt til fakultetet sine utdanningar. Studieadministrativ leiar har delegert økonomiansvar og personalansvar for dei administrativt tilsette i fakultetet innanfor det studieadministrative området, og rapporterer til dekan.

Dagleg arbeidsstad er ved ein av våre fem campus; Haugesund, Stord, Bergen, Sogndal eller Førde.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Personal- og HMS ansvar for eininga sine tilsette
  • Sikre at eininga sine økonomiske råmer vert haldne, og sikre god og formålstenleg bruk av eininga sine ressursar
  • Bidra til at tenestene blir utførte i samsvar med gjeldande reglar og retningslinjer for god forvaltning
  • Administrative oppgåver i samband med utvikling og godkjenning av program- og emneplanar og andre administrative oppgåver knytt til utdanningskvalitet og studieportefølje
  • Bidra til at høgskulen er ein konkurransedyktig og attraktiv institusjon for studenter og arbeidstakarar
  • Utviklings-, utgreiings- og analyseoppgåver
  • Leie arbeidet innanfor praksisadministrasjon
  • Leie arbeidet med studierettleiing og administrativ oppfølging i høve til læringsstøtte og læringsmiljø og i oppfølging av studentsaker
  • Bidra i arbeidet med studentrekruttering i fakultetet
  • Bidra til å utvikle godt internt samarbeid både mellom dei ulike funksjonsområda, mot høgskulen sine faglege einingar og med relevante einingar i fellesadministrasjonen
  • Saksførebuing for råd og utval i fakultetet

Det må påreknast reiseverksemd mellom dei ulike campus.

Mynde

  • Mynde i stillinga er delegert frå dekan, og studieadministrativ leiar rapporterer til dekan
  • Stillinga inngår i dekan si leiargruppe
  • Mynde til å disponere eige budsjett

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant høgare utdanning, helst på masternivå 
  • Dokumentert kompetanse innanfor stillinga sitt funksjonsområde
  • Kjennskap til fakultetet sine utdanningar
  • Administrativ leiarerfaring og dokumenterte resultat frå leiarstilling vert vektlagd
  • Erfaring frå arbeid med endring og omstilling er ønskjeleg

Generell kompetanse:

  • God forståing for statleg leiarskap og offentleg forvaltning
  • God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
  • God organisasjonsforståing
  • Kunnskap om relevant lov- og avtaleverk
  • Erfaring frå, og god kunnskap om, universitets- og høgskulesektoren
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar:

  • Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og skape gode relasjonar internt og eksternt
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering
  • Løysings- og utviklingsorientering
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som studieadministrativ leiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1054- kontorsjef

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Dekan Randi Skår, telefon 57 67 61 51

Søk stilling

Powered by Labrador CMS