LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Seniorkonsulent - HR-rekruttering

Søknadsfrist: 08.01.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for HR har tilsette ved alle dei fem campusane. Avdelinga skal arbeide tett opp mot fakulteta og fellesadministrasjonen sine behov. Vidare skal leiarane støttast i utøving av arbeidsgjevaransvaret og i strategisk utviklingsarbeid innan HR-området.
Avdeling for HR skal sørgje for at HVL har gode system for forvalting, og felles retningslinjer for ivaretaking av god personalpolitikk. Tenestene skal utviklast slik at tilsette og leiarane opplever HVL som ein attraktiv, trygg og utviklande arbeidsgjevar.

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for HR, har ledig ei mellombels stilling i eitt år som seniorkonsulent innan HR-rekruttering

Stillinga er knytt til Avdeling for HR. Det er denne eininga som tek hand om HR-rekrutteringsarbeidet for heile høgskulen. Blant arbeidsoppgåvene for stillinga er å bidra under utarbeiding av kravspesifikasjonar for stillingar, utarbeiding av utlysingstekstar, oppfølging av søkjarar, administrasjon av, og deltaking under intervju, sakshandsaming, kvalitetssikring og utarbeiding av tilbod om stilling. Det vil også liggje andre personaladministrative oppgåver til stillinga, som å følgje opp ulike førespurnadar frå leiarar, tilsette, søkjarar og tillitsvalte på arbeidsfeltet. Det er om lag 17 årsverk knytt til HR-rekrutteringsarbeidet ved høgskulen, slik at den som vert tilsett kjem inn i eit etablert fagmiljø med høg kompetanse og eit utstrekt og nært samarbeid om utføringa av arbeidsoppgåvene.

Arbeidsstad for stillinga er campus Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal eller Stord.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Ansvars- og arbeidsoppgåver vil i hovudsak vere:

  • Personaladministrative oppgåver med særleg vekt på handsaming av tilsettingssaker, herunder deltaking i intervju
  • Generell sakshandsaming, utreiingsoppgåver, opplæring og anna
  • Leiarstøtte innan HR og bidra til kvalitetssikring i det daglege arbeidet
  • Vidareutvikling av rutiner med fokus på effektive arbeidsprosessar

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, helst masternivå
  • Administrativ erfaring og kompetanse innan HR, og gjerne erfaring med rekruttering
  • Solid kjennskap til bruk av administrative datasystem og generelt god IKT-kompetanse
  • Gode skriftlege og munnlege språkkunnskapar innan norsk og engelsk

Det er og ønskjeleg med:

  • Relevant erfaring frå sakshandsaming i offentleg sektor, gjerne UH-sektoren
  • Erfaring med rekruttering er ein føremon

Personlege eigenskapar:

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å ta initiativ, jobbe sjølvstendig og i team
  • Stor arbeidskapasitet og god serviceinnstilling
  • Fleksibilitet og fagleg engasjement
  • Systematisk og oppteken av kvalitet

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som seniorkonsulent er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 - seniorkonsulent.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Anne Marit Morken, nestleiar HR, tlf 55 58 79 30, e-post [email protected]

2) Lisbeth Thomsen, fagansvarleg HR-rekruttering, tlf 55 58 71 26, e-post [email protected]

Søk stilling

Powered by Labrador CMS