Prosjektleiar - Nasjonalt prosjekt for lærarrekruttering
Søknadsfrist: 22.02.2026
Publisert
Logo til fri bruk, m brukes uendret. Ved sprsml om bruk av logo og visuell profil kontakt profil@hvl.noHedvig Myklebust
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 5000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 5 700 studentar og 530 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har ledig fast stilling som prosjektleiar - Nasjonalt prosjekt for lærarrekruttering.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast prosjektleiarstilling ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Stillinga er lagt til prodekan for nyskaping og regional utvikling si eining. Fakultetsadministrasjonen har om lag 55 tilsette fordelte på campusane Bergen, Sogndal og Stord, og hovudarbeidsstad vil vere på ein av desse campusane. Stillinga inneber regelmessig reiseverksemd.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Leie, vidareutvikle og sikre god framdrift i nasjonalt prosjekt for lærarrekruttering
Leie, koordinere og vidareutvikle arbeidet med nasjonal prosjekt for lærarrekruttering i tråd med nasjonale strategiar, mål og prioriteringar
Vidareutvikle og koordinere samarbeid med nasjonale, regionale og lokale aktørar, inkludert skule- og barnehageeigarar og offentlege styresmakter
Planleggje, gjennomføre og følgje opp målretta rekrutteringstiltak retta mot ulike målgrupper og livsfasar
Utvikle, systematisere og nytte kunnskapsgrunnlag om rekruttering, gjennomføring og fråfall i lærarutdanningane, samt overgang til og stabilitet i læraryrket
Bidra til å styrkje samanhengen mellom rekruttering, kvalitet i utdanningane og tiltak for å behalde lærarar i barnehage og skule
Analysere utviklingstrekk, kompetansebehov og rekrutteringsutfordringar i barnehage- og skulesektoren, og omsetje dette til målretta tiltak
Bidra til betre samordning og varige synergiar mellom nasjonale og regionale rekrutteringstiltak
Ha ansvar for nettverksarbeid, kommunikasjon, rapportering og dokumentasjon på nasjonalt nivå knytt til prosjektet
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
Relevant utdanning på mastergradsnivå
God kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
God kjennskap til barnehage- og skulesektoren
God kjennskap til relevante aktørar innan barnehage-, skule- og utdanningssektoren, inkludert offentlege styresmakter, eigarar og samarbeidspartnarar
Erfaring:
Erfaring med prosjektleiing og utviklingsoppgåver på nasjonalt nivå
Erfaring med strategisk rekrutteringsarbeid, inkludert planlegging og gjennomføring av langsiktige rekrutteringstiltak
Erfaring med utstrakt nettverksbygging og samarbeid på nasjonalt nivå, på tvers av sektorar og organisasjonar
Erfaring med nettverks- og kommunikasjonsarbeid på nasjonalt nivå
Personlege eigenskapar:
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
God digital kompetanse
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som prosjekleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1365 - seniorrådgivar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.