LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Lærling IT Brukerretta tenester

Søknadsfrist: 22.02.2026

Logo til fri bruk, m brukes uendret. Ved sprsml om bruk av logo og visuell profil kontakt profil@hvl.no

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem kampus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og naturfag, lærarutdanning og økonomi, samfunnsfag og maritime studier.HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Høgskulen på Vestlandet har ledige læreplassar i IT driftsfaget ved eining for IT Brukerretta tenester. 

Avdeling for Informasjonsteknologi og -tenester (ITT) er organisert i fellesadministrasjonen med ca. 70 tilsette, og er fordelt på alle våre fem campus. Avdelinga ligg i linja til organisasjonsdirektøren og er organisert med fire einingar: Brukarretta tenester, System og infrastruktur, Informasjonsforvaltning og -sikkerheit og Digital tenesteutvikling.

Høgskulen på Vestlandet har ledige læreplasser i IT driftsfaget ved eining for IT Brukerretta tenester. Eininga består i dag av ca. 30 engasjerte og dyktige medarbeidarar, og er en del av Høgskulen på Vestlandets digitale satsing.

Du vil få ein innhaldsrik arbeidsdag med krevjande og spennande oppgåver.Stillinga vil gi gode moglegheiter for fagleg utvikling. 

Arbeidsstaden er campus Bergen, Haugesund eller Stord.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

• Brukarstøtte• Tilgangstyring• Systemdrift• Nettverksdrift• Feilretting• Informasjonssikkerhet• Planlegge, installera, halda ved like, utføra endringar og dokumentera løysingar

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

Vg1 og Vg2 i vidaregåande skula innan Informasjonsteknologi og medieproduksjon (Vg1) og IT-driftsfaget (Vg2). 

Det er tilstrekkeleg at søkjaren har påbyrja Vg2 på søknadstidspunktet. Tilbod om læreplass blir gitt med atterhald om bestått Vg2 og eksamen.

Personlege eigenskapar:

Me legg vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga. 

Vi søker deg som

  • Er nysgjerrig på ny teknologi og motivert til å læra og utvikla deg sjølv i stillinga.
  • Har ei positiv haldning og er villig til å hjelpa kollegaer med IT-relaterte utfordringar.
  • Er sjølvstendig, men må også kunna arbeida godt i team.
  • Er serviceinnstilt.
  • Har motivasjon.
  • Er flink til å kommunisera.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida
  • Tildelt tenestetelefon 

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1362 - Lærling.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

Vegard Anuglen, Einingsleiar for Brukerretta tenester

Tel: +47 53491316

E-post: Vegard.Anuglen@hvl.no

Inkludere, utfordre og samhandle

Les meir på våre heimesider.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS