LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førstekonsulent i Servicetorget

Søknadsfrist: 30.11.2025

Dette er Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for studieadministrasjon har ledig to faste stillingar som førstekonsulent i Servicetorget ved Campus Sogndal.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ledig to faste stillingar (100%) som førstekonsulent i Servicetorget ved Campus Sogndal. Servicetorget høyrer til Avdeling for studieadministrasjon som har omtrent 60 tilsette fordelt på alle dei fem studiestadane til HVL. Servicetorget er høgskulen si fyrstelinje. 

Arbeidsstaden er Campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Handsame førespurnader til fyrstelinja på telefon og e-post
  • Publikumsmottak
  • Studieadministrative oppgåver
  • Andre påkommande arbeidsoppgåver

    Arbeidsoppgåvene er i utvikling, særleg med tanke på digitalisering. Endring i arbeidsoppgåver må difor påreknast.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Bachelorgrad eller spesialistutdanning tilpassa dei oppgåvene som skal utførast. Relevant erfaring/realkompetanse kan kompensere for utdanning.
  • Relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt.
  • Erfaring med rettleiing vil bli vektlagt.
  • God serviceinnstilling og flink til å samarbeide.
  • Gode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i norsk og engelsk, god skriftleg framstillingsevne.
  • God forståing for IT-verktøy.

Personlege eigenskapar:

Vi ser etter ein kollega som er positiv, imøtekomande og har eit engasjement for å yte god service. Som tilsett i Servicetorget må du vere løysingsorientert og profesjonell i møte med våre gjestar, studentar og tilsette. Du har erfaring i bruk av relevante IT-system og evne til å sette deg inn i nye administrative saksbehandlingssystem og -rutinar. Du må vere ansvarsfull og påliteleg og ha gode kommunikasjonsevner. 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førstekonsulent er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1408 - førstekonsulent.

For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan stillingskode 1363 - Seniorkonsulent vurderast.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Søk stillingen

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Wenke Wüsthoff Jortveit, Fagansvarleg Servicetorget, Wenke.Wuesthoff.Jortveit@hvl.no, +47 52 70 28 92 
  • Espen Fosse, Avdelingsleiar, Espen.Fosse@hvl.no, +47 52 70 26 16

Inkludere, utfordre og samhandle

Les meir på våre heimesider.

Powered by Labrador CMS