LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Praksislærarar i sjukepleie - Stord

Søknadsfrist: Løpande

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking".


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, blant anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserar fleksible læringsformer der studentane sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.


Ved institutt for helse og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og 2400 studentar fordelt på studiestadene Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanning i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling innan helse- og sosialtenestar, masterstudium i helse- og omsorgsvitskap, samt ei rekke vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenestar, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det behov for praksislærarar ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, campus Stord.

Ved fagseksjon for bachelor i sjukepleie campus Stord har vi kontinuerleg studentar som gjennomførar praktiske studiar enten i kommunehelsetenesta eller i spesialisthelsetenesta. I dette høve har vi behov for praksislærarar som kan rettleie studentane våre.

Praksis gjennomførast som 8-10-vekers periodar gjennom heile året, og arbeidsomfanget vil være mellom 1,6 og 2 timer per student per veke. Arbeidsoppgåvene omfattar individuellrettleiing, rettleiing i gruppe, tilbakemelding på oppgåver og vurdering av studentane i samarbeid med kontaktsjukepleier. Praksislærar vil ta del i felles lærarmøter og vil ha ein eigen fadder i kollegiet.

Ved fagseksjonen har vi også behov for rettleiar i Sim Arena. Sim Arena er ein øvingsavdeling kor studentane trenar på prosedyrar og simulerte pasientsituasjonar i trygge omgivnader. Ferdigheitstrening i Sim Arena gjennomførast i hovudsak i haustsemesteret, men også tidvis på vårsemesteret. Rettleiing i Sim Arena utførast alltid av fleire lærarar samtidig slik at god opplæring vil bli gitt undervegs.

I periodar vil det og kunne være behov for rettleiar på skriftlege arbeidskrav/ oppgåver og sensorar på eksamen.

Kvalifikasjonskrav:

Søkjarar må ha autorisasjon som sjukepleiar, være sjølvstendig, ansvarleg og ha ein positiv innstilling. Ein må og ha god evne til å samarbeide med studentar og kollegaer, god formidlingsevne, samt eit fagleg engasjement.

Vidare er det ynskjeleg at søkjarane har:

  • Brei klinisk erfaring frå spesialist- eller kommunehelsetenesta
  • Erfaring med rettleiing
  • God digital kompetanse
  • Gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg i norsk eller anna skandinavisk språk
  • Relevant mastergrad eller etter-/vidareutdanning er positivt

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før dei lastast opp eller leggjast ved som lenke.

Søknadsfrist er løpande, og kvalifiserte søkjar kontaktast fortløpande etterkvart som behov for praksislærarar oppstår.

Søkjararere bes skrive inn i sin søknad om når kor tid det kan være aktuelt å ta på seg slike oppdrag.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Fagseksjonsleiar Leif-Steinar Alfsvåg tlf. 53491422 /47306661 / leif.alfsvag@hvl.no

2) Programkoordinator Solveig Laukhammer telefon: 53491320 / 92240385 / solveig.Laukhammer@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS