LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Stipendiat i kunst og handverk

Søknadsfrist: 31.01.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.

Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for kunstfag har 70 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fagområda omfattar musikk, drama og anvendt teater og kunst- og handtverk. Instituttet tilbyr utdanningar på bachelor, master, årsstudium og etter og videreutdanning-nivå. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.

Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt, og vere ei drivkraft for utvikling av kunstfag på høgt nivå og med klar relevans for barnehage, skule og kulturfeltet.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei stilling som stipendiat i kunst og handverk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Stipendiaten vil vere ein del av HVL sitt fagmiljø i Kunst og handverk ved Institutt for kunstfag. Fagmiljøet ligg under det strategiske forskingsprogrammet "Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar" og Ph.d-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Stillinga er direkte knytt til arbeid i forskargruppa "MaTecSus" (Materialitet, teknologi og berekraft / Materiality, Technology and Sustainability).

Forskargruppa har utspring i Kunst og handverk i lærarutdanninga sitt fagmiljø, og arbeider med spørsmål knytt til materialitet, teknologi, skapande prosessar, materialkjensle og kunnskapsutvikling i alle slags medium og område innanfor design, kunst, arkitektur og visuell kommunikasjon i ei digital tid. Stipendiaten skal bidra til forsking om korleis skular møter endringane i faget kunst og handverk i Fagfornyinga 2020 i grunnskulen. Stipendiaten vil gå inn i høgskulen sitt eksisterande samarbeid med skular i regionen, mellom anna knytt til ordninga med Desentralisert kompetanseutvikling og prosjekt innanfor Kunst og handverk.

Samla stipendiatperiode er 3 år (100% forskingstid i 3 år). Arbeidsstaden er campus Bergen, Sogndal eller Stord.

Stipendiaten må bli tatt opp ved doktorgradsprogrammet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" ved Fakultetfor lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI). Nærare informasjon om doktorgradsprogrammet finst på (https://www.hvl.no/forsking/forskarutdanning/studier-av-danning-og-didaktiskepraksisar/).

Ansvars- og arbeidsområde:

I tillegg til å gjennomføre ph.d.-prosjektet er det forventingar om at kandidaten:

  • Presentere eiga forsking skriftleg og munnleg i ulike fora, inkludert vitskaplege konferansar og tidsskrift
  • Deltek konstruktivt i forskargruppa MaTecSus

Kvalifikasjonskrav:

Søkarane må ha følgjande utdanning:

  • Grunnskule-/Allmennlærer med master i Kunst og handverk eller
  • 3 årig faglærerutdanning + master i kunst og håndverk eller
  • Master i kunst- eller designfag med PPU

Graden må vere oppnådd ved søknadsfristen.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Har god kjennskap til kunst og handverk og praktisk arbeid med estetiske fag i skulen
  • Har erfaring frå undervisning i faget i skule og/eller høgare utdanning
  • Har erfaring med gjennomføring av eige forskings- og/eller utviklingsprosjekt
  • Har tidlegare publikasjonar med relevans for utlysinga

Personlige eigenskapar:

  • God evne til munnleg og skriftleg kommunikasjon både i norsk og engelsk
  • God evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
  • God samarbeidsevne
  • Evne til å ta initiativ

Søkjarar må leggje ved ei prosjektskildring på inntil 6 sider som presenterer og grunngjev tema med forankring i forskingslitteraturen på feltet, sjølvvald problemstilling, og val av teori og metode for eit potensielt prosjekt. Denne prosjektskildringa blir brukt til vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskildringa. Endeleg prosjektskildring og plan for gjennomføring av forskarutdanning vil seinare bli uforma i samråd med rettleiarar når ein søkjer opptak til doktorgradsprogrammet. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter tilsetting. Prosjektskildringa skal vere godkjend av høgskulen seinast 3 månader etter at ein er teke til i stillinga. Normalt tek programmet berre opp kandidatar med karakter A eller B på mastergraden.

Følgjande kvalifikasjonar vil bli særskilt vektlagt: Faglege kvalifikasjonar innanfor det utlyste området, med hovudvekt på kvalitet i masteroppgåva, metodiske kvalifikasjonar, samt den førebelse prosjektskissa. Eventuelle fagfellevurderte publikasjonar kan og bli vektlagt.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut ifrå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no når søknadsfristen utgår. Det er søkjar sitt eige ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen. Dette vil vere masteroppgåva/hovuedfagsoppgåva og inntil 5 vitskaplege arbeid ein ønsker å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, prosjektskildring, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrift eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettjingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har teke imot søknaden din.

Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkunnig utval. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse,inntil 5 vitskapelege arbeid. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar verte kalla inn til intervju og prøveførelesing. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalg/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til einskildpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat vert løna i stillingskode 1017 Stipendiat, lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at i samsvar med ny offentleglov kan opplysningar om søkjaren verte gjort offentleg, sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjara vil verte varsla om slik førespunad ikkje vert tatt til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå einbalansert alders- og kjønnssamansetting, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Instituttleiar Oded Ben-Horin, telefon: +47 53 49 14 53, e-post: oded.ben@hvl.no

2) Professor Ingvild Digranes, telefon: +47 55 58 70 62, e-post: ingvild.digranes@hvl.no

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS