Høgskulen på Vestlandet lyser ut to til fire faste 100% stillingar som prosjektkoordinator knytt til eksternfinansierte internasjonale prosjekt.
Stillingane er lagt til Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon (AFII). Avdelinga sitt ansvarsområde er rådgjeving, administrasjon og sakshandsaming knytt til HVL sine forskings-, internasjonaliserings- og innovasjonsaktivitetar, og vi skal leggje til rette for at høgskulen lukkast i å nå målsettingane i høve til desse områda, følgje opp HVL sine strategiar og støtte opp under universitetsambisjonen til HVL. Vårt ansvar er heile HVL og vi jobbar på tvers av fakultet og campus. Koordinatoren vil følgje opp større prosjekt i tett samråd med fakulteta, men arbeidsoppgåver vil bli koordinert av AFII.
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon omfattar felles administrasjon og forvaltning knytt til høgskulen sine forskings- og innovasjonsaktivitet samt internasjonaliseringsaktivitet. Avdelinga skal utviklast vidare og støtte opp under den faglege profilen og universitetsambisjonen til HVL.
Arbeidsstad for stillinga kan vere eitt av dei fem campus ved HVL; Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal eller Stord.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillingane skal sikre administrativ støtte til større, internasjonale eksternfinansierte prosjekt (til dømes prosjekt finansiert gjennom EU, Forskingsrådet, DIKU og Norad). Prosjektkoordinatoren vil fungere som prosjektleiarane sin næraste medarbeidar.
Aktuelle arbeidsoppgåver:
Prosjektoppfølgingsstøtte knytt til implementering av prosjektplan
Koordinere informasjonsflyt og formidlingsarbeid, internt og eksternt
Sakshandsaming, derunder hjelp med revisjonar, rapportering, kontraktar, samarbeidsavtalar og arkivering
Rettleie i høve til forskingsetikk, personvern i forsking, datahandtering og open forsking
Koordinere planlagde endringar i emne og studieprogram i samsvar med prosjektplanar
Hjelpe prosjektleiar med budsjettoppfølging og økonomistyring i samarbeid med prosjektøkonom
Fungere som kontaktperson opp mot aktuell finansieringskjelde
Kvalifikasjonskrav:
Til stillinga vert det stilt krav om:
Høgare utdanning på minimum masternivå eller tilsvarande
Relevant erfaring med internasjonale prosjekt innan forskings- og/eller utdanningssamarbeid
God kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Ønska kvalifikasjonar:
Relevant erfaring frå EU sitt rammeprogram for forsking og/eller utdanning
Erfaring med samarbeidsavtaler og kontraktar
Erfaring med formidling/kommunikasjonsarbeid
Kunnskap om forskingsetikk og personvern i forsking
Kunnskap om open forsking
Personlege eigenskapar:
Evne til å arbeide sjølvstendig og løysingsorientert, ta initiativ og vere ein pådrivar
Evne til å arbeide strukturert og systematisk
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
Omgjengeleg og med evne til å trivast i eit travelt miljø
Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som prosjektkoordinator er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at jf. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.