LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

HR-rågjevar - kompetanseutvikling

Søknadsfrist: 23.12.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for HR har tilsette ved alle dei fem kampusane. Avdelinga skal arbeida tett opp mot fakulteta og fellesadministrasjonen sine behov. Vidare skal leiarane støttast i utøving av arbeidsgjevaransvaret og i strategisk utviklingsarbeid innan HR-området. Avdeling for HR skal sørgje for at HVL har gode system for forvalting, og felles retningslinjer for ivaretaking av god personalpolitikk. Tenestene skal utviklast slik at tilsette og leiarane opplever HVL som ein attraktiv, trygg og utviklande arbeidsgjevar.

Avdeling for HR ved Høgskulen på Vestlandet har ledig eit eittårig vikariat som HR-rådgjevar innan kompetanseutvikling for snarleg tilsetting.

HVL har som mål å bli universitet og Avdeling for HR skal støtte organisasjonen gjennom leiarutvikling, omstilling og strategisk kompetanseutvikling. Dette skjer i tett samarbeid med fakulteta. I tillegg må stillinga bidra i utgreiingsarbeid i organisasjonen generelt og innan HR-avdelinga sitt ansvarsområde.

Stillinga har ansvar for å initiere og gjennomføre gode prosessar innan organisasjons og HR-området mellom utvikle og halde vedlike HR-system og rutinar.

Vikariatet er ledig for snarleg tilsetting og i eitt år frå tilsetting.

Arbeidsstad for stillinga er campus Bergen, campus Stord, campus Haugesund, campus Førde eller campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Initiere og støtte organisasjonen i strategisk kompetanseutvikling og digitalisering
  • Jobbe operativt i digitale system
  • Bidra i utvikling av strategiske kompetanseplanar
  • Delta i prosess- og prosjektarbeid innan eigne arbeidsområde
  • Forvaltning og saksbehandling innan arbeidsområdet

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • høgare utdanning, helst på masternivå.
  • administrativ erfaring og kompetanse tilpassa funksjonane i stillinga.

Rådgjevaren må kunne arbeide sjølvstendig og strategisk, ta initiativ og vere ein pådrivar i prosessar.

Ønska kvalifikasjonar:

  • God teknologiforståing og innsikt i potensialet for integrerte løysingar på personalfeltet.
  • Forstå behova i organsisasjonen og kunne omsetje dei til operativ drift.
  • God kompetanse innan HR feltet.
  • Gode samarbeidsevner.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • God forståing for digitalisering og bruk av digitale verktøy.

Det blir lagt stor vekt på evne til å kommunisere og motivere medarbeidarar.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som HR-rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar Wenche Fjørtoft, tlf 57 67 61 20e-post wenche.fjortoft@hvl.no

2) Fagansvarleg Elin Ekkjestøl, tlf 55 58 77 54e-post elin.ekkjestol@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS