LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Rådgjevar (prosjektkoordinator) - Fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS)

Søknadsfrist: 10.08.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.


Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS) har ledig vikariat som rådgjevar.

Om stillinga:

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig eit vikariat ved Fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS) i fakultetsadministrasjonen. Det er ein 100% stilling i ett år som prosjektkoordinator innanfor området livslang læring.

Det er ikkje krav om spesifikk campustilhøyrigheit for denne stillinga, men du må pårekne noko reising.

HVL og resten av utdanningssektoren er i omstilling for å kunne tilby meir fleksible utdanningar og legge til rette for livslang læring. HVL har ambisjonar om å realisere regjeringa si satsing på kompetanse og det å lære heile livet. HVL ynskjer å vere den føretrekte samarbeidspartnaren og ein betydeleg aktør for regional utvikling. Målet er å bli universitetet med profesjons- og arbeidslivsretta profil som bidrar med vekst, innovasjon og verdiskaping i og for regionen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • halde seg oppdatert på og vurdere relevante utlysingar av eksterne midlar til utdanningstilbod og kompetansehevande tiltak
  • bidra i kartlegging av utdanningsbehov
  • bistå i søknadsprosessar knytt til eksterne midlar
  • budsjett- og kontraktarbeid og oppfølging av eksternfinansierte prosjekt/-utdanningar
  • utvikle samarbeidsrelasjonar og halde kontakt med relevante samarbeidspartnarar
  • halde seg oppdatert på aktivitet og prosessar i fakultetet som er av interesse for omverda
  • halde seg oppdatert på nasjonale og internasjonale utdanningspolitiske signal og trendar
  • bidra i teamarbeid og vere med på å utvikle rutinar og arbeidsprosessar knytt til livslang læring

HVL har eit pågåande prosjekt for organisering av feltet livslang læring, så arbeidsoppgåver kan bli endra

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, helst masternivå
  • Administrativ erfaring og kompetanse innan fagområde, og gjerne erfaring med etter- og videreutdanning
  • Solid kjennskap til bruk av administrative datasystem og generelt god IKT-kompetans
  • Gode skriftlege og munnlege språkkunnskapar innan norsk og engelsk

Det er og ønskjeleg med:

  • Relevant erfaring frå sakshandsaming i offentleg sektor, gjerne UH-sektoren

Personlege eigenskapar:

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å ta initiativ, jobbe sjølvstendig og i team
  • Stor arbeidskapasitet og god serviceinnstilling
  • Fleksibilitet og fagleg engasjement
  • Systematisk og oppteken av kvalitet

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434- rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Administrasjonssjef, Trude Engebretsen, telefon 55 58 78 86

Søk stilling

Powered by Labrador CMS