LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Rådgjevar innkjøp

Søknadsfrist: 23.06.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


HVL si Avdeling for økonomi er leia av økonomi- og arealdirektør, som har det overordna ansvaret for området. Til det ligg ansvaret for HVL si samla økonomifunksjon, arealforvalting, drift og prosjektoppfølging. Til området ligg også verksemdsstyring og internrevisjon.

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei fast stilling i 100% som rådgjevar innkjøp ved Avdeling for økonomi, campus Bergen.

Om stillinga:

Det er ledig ei 100% fast stilling som rådgjevar innkjøp ved Avdeling for økonomi frå august 2022.

Innkjøpsavdelinga i Bergen består av fire medarbeidarar og er organisert under Avdeling for økonomi (fellesadministrasjonen).

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga vil vere knytta til høgskulen sitt innkjøpsområde og sentrale arbeidsoppgåver vil blant anna vere kunngjering av anskaffelsar og anbod, kontraktsforhandlingar samt implementering og oppfølging av kontraktar for enkeltkjøp og rammeavtalar. I anskaffelsane samarbeidar ein med høgskulen sine fagmiljø og andre avdelingar. Informasjon og opplæring internt i høgskulen samt utarbeiding og oppfølging av styrande dokument innanfor innkjøpsområde ligg óg til innkjøpsavdelinga.

Andre arbeidsoppgåver må óg kunne påreknast.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

Søkjarar må ha høgare utdanning på minst masternivå innanfor økonomiske eller juridiske fag eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene som stillinga skal dekkje.

Relevant erfaring med innkjøps- og kontraktarbeid og kunnskap om regelverk for offentleg anskaffelsar er ein fordel.

Personlege eigenskapar:

Den som vert tilsett må kunne jobbe systematisk, vere initiativrik og relasjonsskapande. God skriftleg og munnleg framstillingsevne, både på norsk og engelsk, er ein føresetnad.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar for økonomi Karianne Bergheim, tlf.: 57 67 63 06 / 992 65 574, e-post: [email protected]

2) Fagansvarleg innkjøp Børt Helge Carlsen, tlf.: 55 58 73 03 / 915 95 745, e-post: [email protected]

Søk stilling

Powered by Labrador CMS