LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Professor i organisasjon, leiing og innovasjon

Søknadsfrist: 16.01.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har som mål å bli eit universitet med profesjons- og arbeidsretta profil.


Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) er eit tverrfagleg fakultet med høg kompetanse og som spenner breitt fagleg og geografisk. FØS har tre institutt: Institutt for Økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studier og Institutt for samfunnsvitskap.


FØS har om lag 2 300 studentar og 140 tilsette fordelt på tre campusar – Bergen, Haugesund og Sogndal. Fakultetet tilbyr utdanningar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå og tar opp studentar til både teoretiske, arbeidsretta disiplinfag og profesjonsutdanningar. I tillegg har FØS eit tett samarbeid med samfunn- og arbeidslivet i heile regionen. Dette gir mellom anna utslag i forskingssamarbeid og ein brei portefølje knytt til etter- og vidareutdanning.

Høgskulen på Vestlandet har ledig fast stilling som professor ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap

Stillinga er knytt til Institutt for samfunnsvitskap i Sogndal. Stillinga er ledig for tilsetjing i 100% stilling frå 1. august 2022.

Ansvars- og arbeidsområde:

Stillinga inngår i høgskulen sitt fagmiljø i organisasjon, leiing og innovasjon og er knytt til instituttet sitt masterstudium i organisasjon og leiing. Studiet er retta mot helse-, velferds- og utdanningsinstitusjonar og er samlingsbasert.

Til stillinga ligg undervisning, rettleiing av studentar og fagleg utviklingsarbeid, samt forsking og formidling med relevans for masterprogrammet.

Sentrale emne for stillinga er offentleg politikk, innovasjon, organisasjon, leiing, forskingsdesign og metode.

  • Den som blir tilsett, må vere budd på undervise i fleire emne og på fleire campus
  • Til stillinga ligg også arbeid med utvikling av nye emne og revisjon av studieprogrammet
  • Den som blir tilsett i stillinga kan få oppgåver knytt til høgskulen sitt arbeid med utvikling av nye emne og fleksible utdanningstilbod retta mot regionalt arbeidsliv og livslang læring.

Forskinga i fagmiljøet er knytt til styring, innovasjon og leiing i offentleg sektor, samhandling mellom offentlege tenesteytande organisasjonar, samt sektorspesifikke utfordringar i velferdsstaten.

Det er forventa at dei tilsette bidreg inn i ei eller fleire av fakultetet sine fem strategiske forskingsgrupper. Du kan lese meir om forskingsgruppene våre her: Forskingsorganisering ved FØS.

Den som blir tilsett skal:

  • Bidra med forsking som er relevant for masterprogrammet
  • Bidra med innhenting av ekstern finansiering av forskingsprosjekt nasjonalt og internasjonalt
  • Bidra aktivt for å fremje samarbeid med interne og eksterne partnarar og nettverk

Til stillinga vil det også liggje oppgåver knytt til rettleiing av fagtilsette i kompetanseløp

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

Formell utdanning og kompetanse:

  • Søkjarar til stillinga må ha kompetanse på professornivå. Doktorgraden skal tilsvare ein norsk samfunnsvitskapleg doktorgrad og ha relevans for stillingsprofilen
  • Undervisninga på masterstudiet og i etter- og vidareutdanning går på norsk. Den som vert tilsett må difor framvise god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk eller eit anna skandinavisk språk òg på engelsk
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav i stillinga og skal dokumenterast i tråd med HVL sine kriterier

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring med undervisning og rettleiing frå høgare utdanning
  • Kunnskap og kompetanse om offentleg sektor
  • Erfaring med utvikling av prosjekt saman med kollegaer og eksterne partnarar
  • Erfaring som forskingsleiar frå relevant forskings- og utviklingsarbeid, fortrinnsvis offentleg sektor
  • Erfaring med å innhente ekstern finansiering av forskingsprosjekt nasjonalt og internasjonalt
  • Erfaring frå deltaking i relevante faglege nettverk nasjonalt og internasjonalt
  • Kompetanse på og erfaring med fleksible undervisningsformer retta mot arbeidsliv og livslang læring
  • Kompetanse på og erfaring med nye og digitale undervisningsformer

Personlege eigenskapar

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar som initiativ, kommunikasjon, evne til omstilling og samarbeid og ei inkluderande haldning. Vi ønskjer fleksible og løysingsorienterte tilsette med engasjement og interesse for fagleg utvikling og med ei positiv innstilling til å samarbeide med både studentar og tilsette.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

I tillegg ber vi søkjaren å skissere aktuelle forskingsinteresser og erfaring med innhenting av eksterne prosjektmidlar.

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 15MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Vi bed om at søkjar gjev opp referansar i søknaden, frå ein kollega og ein overordna.

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Hyggeleg arbeidsmiljø
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1013 - Professor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg, sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Instituttleiar Grete Netteland, E-post: grete.netteland@hvl.no, tlf. 57 67 63 32 / 416 92 891

2) Programansvarleg Monika Alvestad Reime, E-post: monika.alvestad.reime@hvl.no, tlf. 57 67 63 56

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS