LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Professor i mat og helse

Søknadsfrist: 16.01.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca 110 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord. Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er og ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet. Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i bachelorutdanningar innan idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv og folkehelse, barnehagelærarutdanninga og grunnskulelærarutdnningane. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling som professor i mat og helse ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Stillinga inngår i Institutt for idrett, kosthald og naturfag, campus Bergen

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Forskings- og utviklingsarbeid med klar relevans for stillingsprofilen. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil vere knytt til bachelor-, master-, og ph.d.-utdanning og innanfor etter- og vidareutdanning generelt, og innan lærarutdanningane spesielt.
  • Bidra til studentinvolvering i forskingsprosjekt og i samarbeid med andre aktørar.
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
  • Ta initiativ til, leie og delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samen med kollegaer i fagmiljøet.
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

Formell utdanning og kompetanse:

  • Den som blir tilsett må ha Ph.d.-grad i relevant fagområde og professorkompetanse som er relevant for faget mat og helse, med særskilt kompetanse innan eitt eller fleire av områda pedagogikk, utdanningsvitskap, profesjonsforsking, fagdidaktikk i mat og helse, matvanar, matkultur, forbruk, berekraft, samfunnsernæring, kosthald og folkehelse.
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga

Språkkrav:

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, og søkarar som ikkje meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk må forplikte seg til å gjennomføre kurs i norskopplæring innan to år frå tiltreding. Søkar ha gode engelskkunnskapar skriftleg og munnleg.

Følgande teller positivt i vurderinga:

  • Erfaring frå initiering og leiing av forskings- og utviklingsarbeid, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering
  • Relevant nasjonalt og internasjonalt forskarnettverk
  • Erfaring frå Ph.d.- rettleiing og rettleiing av kollegaer
  • Relevant kompetanse innan metodiske, vitskapsteoretiske og etiske problemstillingar for fagfeltet
  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå høgare utdanning

Personlege eigenskapar:

  • Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel.
  • Høgt etisk medvit i møte med studentar og ansatte er påkravd.
  • Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.

Utdanningsfagleg kompetanse:

For stilling som professor skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL.

Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskulepedagogikk.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 25 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1013 - Professor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg, sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

  • Assisterande instituttleiar Ingrid Leversen+47 55 58 75 33 / +47 408 51 895ingrid.leversen@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS