LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Postdoktor ved Institutt for velferd og deltaking

Søknadsfrist: 10.10.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved Institutt for velferd og deltaking er vi 90 tilsette og 1300 studentar fordelt på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i Samfunnsarbeid, Psykisk helse og rusarbeid og Familieterapi og relasjonelt arbeid, i tillegg til andre etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse - og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.

2-årig postdoktorstilling

Om stillinga

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei åremålsstilling som postdoktor ved Fakultet for helse- og sosialvitskap ved campus Bergen eller campus Sogndal.

Postdoktorstillinga er knytt til Institutt for velferd og deltaking og forskingsprosjektet "Etterlatte etter narkotikarelatert død" (END-prosjektet). Det er ein føresetnad at den som blir tilsett i stillinga har arbeidsplass ved Institutt for velferd og deltaking, enten ved campus Bergen eller campus Sogndal i tilsettingsperioden.

Prosjektet er fagleg forankra i forskingsgruppene Psykisk helsearbeid og rus (leia av førsteamanuensis Hege Hansen, campus Bergen) og Oppvekst, rus og sosial marginalisering (leia av førsteamanuensis Tone Jørgensen, campus Sogndal).

Om END-prosjektet:

Narkotikarelatert død og etterlatne sin situasjon er eit anerkjend og alvorleg folkehelseproblem. Eit forsiktig estimat antar at det står minst 10 nære etterlatne rundt kvar avdød. Det er stor risiko for langvarige og alvorlege sorg- og traumereaksjonar med nedsett livskvalitet og dagleg fungering for dei etterlatte. Ein systematisk oversiktsartikkel frå END-prosjektet finn at etterlatne etter narkotikarelatert død opplever emosjonell overbelastning, stigmatisering, og manglande forståing og hjelp frå hjelpeapparatet.

END-prosjektet har som mål å utvikle kunnskap om narkotikarelatert død, styrke grunnlaget for kunnskapsbasert utdanning om etterlatne sin situasjon og handtering av sorga, og auke kvalitet, kompetanse og effektivitet i helse -og velferdstenestene for etterlatne.

Prosjektet er organisert i ei prosjektgruppe som består av 19 medlemmer inkludert fem medforskarar. I tillegg har prosjektet ein referansegruppe som består av 13 forskarar og klinikarar frå Norge, Nederland, England, Danmark og USA med høg forskingskompetanse innan sorg, traume, stigma og rus. END-prosjektet har også ein deltidstilsett statistikar som vil vere ein støtte i dei kvantitative analysane. Professor Lennart Lorås (HVL) i prosjektgruppa og professor Ottar Ness (NTNU) i referansegruppa vil vere mentorar undervegs i postdoktor-løpet.

Postdoktorstillinga har ei tidsramme på 2 år, og har som hovudmål å kvalifisere for vidare arbeid i vitskapelege stillingar. Den som vert tilsett som postdoktor vil bli ein del av prosjektgruppa i END og knytt til ein eller begge av dei to forskingsgruppene i Bergen eller i Sogndal.

Postdoktorstillinga er ei rekrutteringsstilling som skal medverke til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL.

Oppstart etter avtale.

Ansvars- og arbeidsområde:

Postdoktoren vil vere ein del av forskarteamet knytt til END-prosjektet som er det største internasjonale forskingsprosjektet om etterlatne ved narkotikarelatert død. Prosjektet er finansiert av Norges Forskingsråd, Helsedirektoratet, stiftelsen DAM, Bergen kommune og Høgskulen på Vestlandet.

Sidan 2018 har prosjektmedarbeidarane samla inn store mengder data som gjev unike moglegheiter for eit postdoktor-prosjekt. Data er både kvantitative og kvalitative og gjev mange metodiske- og tematiske moglegheiter. Data frå kvantitative og kvalitative data vil derfor vere sentralt for å svare på forskingsspørsmåla, og det vil vere ønskeleg at postdoktor gjer tverrgåande analysar. Samla består datasettet av surveys frå etterlatne (255) og hjelparar (103), kvalitative intervju med foreldre (14), søsken (24), og nære venner (18), samt 24 fokusgruppeintervju av 105 hjelpara og leiarar i seks ulike kommunar. Berre ein liten del av dette materialet er nytta til no, og vi har definert eit stort tal relevante problemstillingar å undersøke i tillegg til dei vi allereie er i gang med å svare på.

Eit tematisk område som er aktuelt for postdoktoren å undersøke er hjelparar og etterlattn sine opplevingar av stigma og haldningar til stigma. Aktuelle forskingsspørsmål er (1) Korleis varierer etterlatne sine erfaringar med stigma med kontekst for dødsfallet og med sosioøkonomiske status/demografiske variablar? (2) Korleis kjem stigmatiserande haldningar til uttrykk i hjelpeapparatet? (3) Kva samanhengar er det mellom etterlatne sine rapporteringar av opplevd stigma og komplisert /ikkje-anerkjent sorg?

Postdoktoren er forventa å medverke aktivt i analysearbeid, og i tre til fire publikasjonar. Postdok-publikasjonane vil bli skrivne saman med andre forskarar i teamet. Det er å forvente at postdoktoren medverkar i formidling av funn og vil kunne bli gitt einskilde prosjektadministrative oppgåver. Postdoktoren vil også medverke i utvikling av eksterne søknader om forskingsmidlar. Det skal utarbeidast framdriftsplan og prosjektbeskriving for gjennomføring av åremålsstillinga.

Kvalifikasjonskrav:

  • Søkjarane må ha oppnådd Ph.d. grad innan samfunnsvitskap, helse- eller sosialfag, eller tilsvarande utanlandsk doktorgrad godkjent som likeverdig med norsk doktorgrad. Fullført doktorgrad er ein føresetnad for å starte i stillinga
  • Erfaring med vitskapelege publikasjonar frå rus-, stigma- og/eller sorgforsking vil bli vektlagt
  • Kunnskap om rusproblematikk, stigma og sorg vil bli særleg vektlagt. Søkjar må i tillegg ha kvalifikasjonar i bruk av kvantitativ og/eller kvalitativ analyse. Tidlegare erfaring med bruk av kombinerte metodar (mixed methods) er ein fordel
  • Kandidaten må ha gode norskkunnskaper og/eller beherske eit annet skandinavisk språk. Norsk blir nytta i kommunikasjon i prosjektgruppa. I tillegg må kandidaten ha gode ferdigheiter i skriftleg og munnleg engelsk

Personlege eigenskapar:

  • Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • Motivasjon og entusiasme for prosjektet sitt tema og forsking generelt
  • Kan arbeide målretta, strukturert, i team og sjølvstendig
  • Gode samarbeids- og formidlingsevne

Tilleggskrav:

Vi ber søkjarane om å utforme ein førebels prosjektskisse med utgangspunkt i rammene som er lagt i END-prosjektet sin overordna prosjektplan. Skissa bør innehalde forslag til forskingsspørsmål som kan sette lys på dei overordna problemstillingane, gje ein kortfatta forskingsgjennomgang, og gjere greie for val av metodisk tilnærming og potensielle metodiske/etiske utfordringar, og framdrifts- og publiseringsplan. Skissa skal vere maks fem sider (inkl. referansar), med skriftstørrelse 12 og linjeavstand 1, og skrivast på skandinavisk eller engelsk språk. Skissa vil primært bli brukt til å vurdere kandidaten sine kvalifikasjonar, og vil derfor ikkje vere den endelege planen for arbeidet.

Ved vurdering av søknader blir hovudvekta lagt på innleverte vitskaplege arbeid og prosjektskissa, i tillegg til vurdering av moglegheit for gjnnomføring av forslag til publikasjonar. Søknadsbrevet bør skildre forskingsinteresser og motivasjon for stillinga. Ta kontakt med ein av prosjektleiarane for å få tilsendt prosjektskildring til END (sjå under for kontaktinformasjon).

Korleis søke på stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • prosjektskisse
  • inntil ti vitskaplege arbeid ein ønskjer å ha med i vurderinga
  • fullstendig publikasjonsliste
  • relevante attestar
  • vitnemål for avlagte grader

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 25 MB må desse komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT sin generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarer med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid, slik søknad bør difor sendast så tidleg som mogleg når du veit at du vil søkje postdoktorstilling. Dersom du ikkje har fått svar frå NOKUT innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har motteke søknaden din.

Søkjarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkunnig komité. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse. Med grunnlag i komiteen si innstilling, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og framlegg av prosjektskisse. Tilsettingsutvalet ved Fakultet for helse- og sosialvitskap er tilsettingsorgan.

Søknadane blir sendt elektronisk til den sakkunnige komitéen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida

Stillinga er løna i stillingskode 1352 - postdoktor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg, sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Prosjektleiar Lillian Bruland Selseng, tlf +47 57 67 62 53 / +47 924 47 1132)

2) Prosjektleiar Kristine Berg Titlestad, tlf +47 55 58 55 61 /+47 926 01 400

3) Instituttleiar Svanaug Fjær, tlf +47 55 58 57 53 / +47 918 89 744

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS