LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Toårig vikariat som høgskulelektor / høgskulelærar i vernepleie

Søknadsfrist: 01.06.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved Institutt for velferd og deltaking er vi 90 ansatte og 1300 studenter fordelt på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i Samfunnsarbeid, Psykisk helse og rusarbeid og Familieterapi og relasjonelt arbeid, i tillegg til andre etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse - og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.

Høgskulelektor/høgskulelærar innan fagområde vernepleie

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig 100% mellombels stilling som høgskulelektor/høgskulelærar innan fagområde vernepleie ved Fakultet for helse-og sosialvitskap – campus Sogndal

Stillinga er knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for velferd og deltaking, fagseksjon bachelor vernepleie.

Vikariatet er ledig i perioden 01.08.2022 - 31.07.2024.

Stilinga er i hovudsak knytt til vernepleieutdanninga, men ein må også rekne med undervisnings- og rettleiingsoppgåver på andre studietilbod i instituttet. Vi ønskjer å styrke kompetansen innan miljøterapeutisk arbeid, pedagogikk og helsefag.

Arbeidsstad er campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Undervisning, rettleiing og evaluering innan fagområde vernepleie og emne knytt til fagseksjonen sine studieprogram og fakultetet sine forskingsprofilar
  • Oppfølging og rettleiing av studentar, ferdigheitstrening, evaluering og sensur
  • Bidra til forsking knytt til fagseksjonen sine studieprogram i tillegg til fakultetet sine forskingsprofilar
  • Bidra innan dei ulike faglege institusjonsbyggande oppgåvene, som til dømes studiekoordinering, emneansvar og utvikling av forskingsgruppene
  • Forsking- og utviklingsarbeid med relevans for fagområde vernepleie
  • Delta i utviklinga av nye relevante forskingsprosjekt og utarbeide søknadar om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
  • Samarbeid om utdanning og forsking internt i høgskulen, og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstillingar går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger fastsett av Kunnskapsdepartementet.

  • For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha relevant mastergrad og helse- og sosialfagleg profesjonsutdanning. Interesse og motivasjon for å oppnå førstekompetanse blir vektlagt
  • For tilsetting som høgskulelærar må søkjar ha relevant helse og sosialfagleg profesjonsutdanning. Det er ønskjeleg at søkjar har opptak på relevant masterutdanning
  • Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, varierte undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Relevant klinisk erfaring og praksisnær kompetanse
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller skandinavisk språk i tillegg til engelsk
  • God IKT-kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, som til dømes erfaring med å skaffe ekstern finansiering og med utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt saman med praksisfeltet
  • Erfaring med internasjonalt samarbeid og/eller arbeidserfaring
  • Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • God evne til formidling
  • Engasjement og interesse for fagleg utvikling

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • vitskaplege arbeid (inntil 15 stk.)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål.

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som høgskulelektor/ øvingslærar-/høgskulelærar er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008 høgskulelektor / 1007 øvings-/høgskulelærar.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Fagseksjonsleiar vernepleie, Vigdis Reisæter, telefon 57 67 76 32

2) Instituttleiar Svanaug Fjær, e-post svanaug.fjer@hvl.no, tlf: 55 58 57 53

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS