Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Mellombels stilling som høgskulelektor i sosialt arbeid

Søknadsfrist: 14.10.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved Institutt for velferd og deltaking er vi omlag 90 tilsette og kring 1000 studentar fordelte på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i samfunnsarbeid og psykisk helse og rus. Vi har også fleire etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse – og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig to mellombelse stillingar (vikariat) i 100% som høgskulelektor i sosialt arbeid ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, campus Sogndal.

Ved Institutt for velferd og deltaking, er det ledig to mellombelse 100% stillingar som høgskulelektor knytt til bachelorutdanninga i sosialt arbeid. Stillingane er vikariat over eitt år; det eine vikariatet er frå 1. november og det andre vikariatet har oppstart så snart som mogleg.

Arbeidsplassen er ved campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Undervisning, oppfølging og rettleiing av studentar, ferdigheitstrening, oppfølging av studentar i praksis, evaluering og sensur
  • Deltaking i institusjonsbyggjande arbeid; m.a. koordinering av studiar, emneansvar for teoretiske og praktiske emner og internasjonaliseringsarbeid
  • Samarbeid internt i høgskulen og med andre utdanningsinstitusjonar og samarbeidspartar både nasjonalt og internasjonalt.

Stillingane er i hovudsak knytt til bachelorutdanninga i sosialt arbeid, men dei som vert tilsett må også pårekne undervisning- og rettleiingsoppgåver i andre studietilbod i instituttet.

Kvalifikasjonar:

  • Mastergrad innan fagområdet sosialt arbeid eller eit anna relevant fag
  • Relevant arbeidserfaring innan sosialt arbeid av nyere dato
  • God munnleg og skriftleg fremstillingsevnei norsk og i engelsk
  • God IKT-kompetanse

Ønska kvalifikasjonar

  • Grunnutdanning i sosialt arbeid
  • Kunnskapar om sosialt arbeid, psykisk helse, rusarbeid og barnevernsfaglege emne
  • Kunnskapar om tverrfagleg samarbeidslæring, organisasjonsteori, metode og vitskapsteori og kunnskapsbasert praksis
  • Kjennskap til ulike praksisarenaer for sosionomer

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
  • God evne til formidling
  • Engasjert og strukturert
  • Kreativ og løysingsorientert

Den som blir tilsett må vere personleg eigna for stillinga

Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju.

Kriterier for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger fastsett av Kunnskapsdepartementet

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det ersøkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008 høgskulelektor.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønsket ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Fagseksjonsleiar Irene Helland Vikøren, tlf. 55 58 70 77 epost: irene.helland.vikoren@hvl.no.

2) Instituttleiar Svanaug Fjær, telefon 55 58 57 53, tlf. 55 58 57 53 epost: Svanaug.Fjer@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS