LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Høgskulelektor i pedagogikk/spesialpedagogikk

Søknadsfrist: 28.06.2026

Logo til fri bruk, m brukes uendret. Ved sprsml om bruk av logo og visuell profil kontakt profil@hvl.no

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
 

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 5 700 studentar og 530 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har ca. 200 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.

Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med  viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig to faste stillingar som høgskulelektor i pedagogikk/spesialpedagogikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. 

Stillinga inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, campus Bergen. 

Stillinga er knytt til pedagogikkfagmiljøet for grunnskulelærarutdanningane i det største pedagogiske fagmiljøet i landet. Fagmiljøet er stort og dynamisk  med eit rikt og mangfaldig forskarmiljø med pågåande prosjekt nasjonalt og internasjonalt, og med brei kompetanse innanfor allmennpedagogikk, profesjonsretta pedagogikk og spesialpedagogikk. I tillegg til å bidra i dei femårige grunnskulelærarutdanningane, deltar også fagmiljøet i desentralisert kompetanseutvikling og i etter- og vidareutdanningstilbod. Fagmiljøet er aktivt deltakande i andre masterutdanningar og i doktorgradsprogrammet «Danning og didaktiske praksisar». 

Ansvars- og arbeidsoppgåver: 

Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver: 

  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Disse oppgåvene vil vere knytt til teoretisk og praktisk undervisning på 5-årig grunnskulelærarutdanning. I tillegg kan det bli aktuelt å undervise i andre studieprogram ved instituttet, samt etter- og vidareutdanning. Det kan og vere aktuelt med oppgåver innan bachelor-, master-, og ph.d.-utdanning og i etter- og vidareutdanning.  

  • Arbeidsoppgåver tilknyta tilskotsordningane relatert til barnehage og skule, og/eller kurs og oppdragsverksemd. 

  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar 

  • Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttet sine fagområde.  Fakultetet har 4 strategiske forskingsprogram (Om lærarutdanningsforsking, Fagdidaktisk forsking,  Praktiske og estetiske fagområde i utdanning, oppvekst og frivillig sektor, Utfordringar i barnehagesektoren og utvikling av løysingar for barn og vaksne ) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma 

  • Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samen med kollegaer i fagmiljøet 

  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen 

  • Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga. 

  

Kvalifikasjonskrav: 

Formell utdanning og kompetanse: 

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift til universitets- og høyskoleloven.  

For tilsetjing som høgskulelektor må søkar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat (normalt A eller B) og med relevans for pedagogikk/spesialpedagogikk fagområde i grunnskolen. Dette kan være innanfor eit eller fleire av følgande fagområde: 

  • Profesjonskompetanse i lærarprofesjonane 

  • Allmennpedagogiske og spesialpedagogiske perspektiv i utdanning og yrke 

  • Skulen som organisasjon 

  • Psykososialt læringsmiljø i skulen 

  • Profesjonsfagleg digital kompetanse i eit utdanningsperspektiv 

  • Demokrati og medborgarskap i skulen 

  • Rettleiing og vurdering 

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd. 

Utdanningsfaglig kompetanse er eit krav i alle undervisnings- og forskarstillingar. 

Språkkrav: 

  • Undervisningsspråket er til vanleg norsk, og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk. 

  

Følgande teller positivt i vurderinga:  

  • Pedagogisk/spesialpedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring, PPT eller høgare utdanning. 

  • Undervisningserfaring innan det pedagogiske og spesialpedagogiske feltet, primært i grunnskulen og/eller høgare utdanning.  

  • Erfaring frå barnehage og/eller skulerelatert fagleg utviklingsarbeid, undervisning, rettleiing og leiing.  

  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet.  

  • Variert rettleiarerfaring. 

  • Internasjonal erfaring med undervising og/eller forsking.  

  • Erfaring med digitale verktøy.  

  

Utdanningsfagleg kompetanse for høgskolelektor: 

Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing. Sjå her for korleis dokumentere utdanningsfagleg kompetanse ved HVL.  

Kvalifikasjonar innanfor undervisning i grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning vil bli tillagt stor vekt. Søkarar som ved tilsetting ikkje oppfyller krava i samsvar med forskrifta må oppfylle desse innan to år. HVL tilbyr kurs i pedagogikk i høgare utdanning 

  

Sakkunnig vurdering:  

Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkunnig utval. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over arbeida dine, kvar dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst. Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet. 

  

Aktuelle kandidatar vil bli invitert til prøveforelesing og intervju. 


 


Korleis søkje på stillinga? 

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida. 

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen,  irekna: 

  • Vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.) 

  • Fullstendig publikasjonsliste 

  • Attestar og vitnemål. 

  • Pedagogisk mappe og cv 

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB. 

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad.  Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.  

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. 

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga.  Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.  

Søkjarar kan ikkje sende søknadar på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.  

Vi tilbyr: 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse 

  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling 

  • Høve for trening i arbeidstida 

Stillinga som høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008 - Høgskulelektor. 

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. 

Generell informasjon: 

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje. 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane. 

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er: 

1) Assisterande instituttleiar GLU 1-7: Merete Aronsen , tlf. 55 58 79 0, e-post merete.aronsen@hvl.no 

2) Fagkoordinator pedagogikk GLU: Lamin Andre Kvaale-Conateh, tlf.92624288 , e-post: lankv@hvl.no 

Inkludere, utfordre og samhandle 

Les meir på våre heimesider. 

Søk stillingen

 

Powered by Labrador CMS